Kort om arbeidsgiver

Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for psykisk helsevern barn og unge - Døgnseksjon Molde og Ålesund

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund.

Vi har no ledig vikariat for lege i spesialisering ved akutt- og utgreiingseininga i Ålesund i perioden 01.09.2022 - 31.08.2023
Det kan bli anledning til fast tilsetting ved poliklinikken i Ålesund etter vikariatperioden.

Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar. Sengeposten er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Aldersgruppa er 12-18 år, men det hender at innlegging av yngre barn og unge kan vere nødvendig. Vi har ei familieleiligheit som kan nyttast når foreldre/pårørande bør vere med.
Vi tar imot pasientar med psykiske lidelsar, både til frivilleg innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Avdelinga vår behandlar pasientar med ulike diagnoser, og kan karakteriserast som ei allmenpsykiatrisk avdeling. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog). Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten. Ved siden av ei tverrfagleg sammensett miljøterapeutgruppe, har vi 2 overlegestillinger, 1 psykologspesialist og 1 annen LIS.          I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.
Legen vil i hovudsakleg ha arbeidsstad ved akutt- og utgreiingseininga, men vi arbeider for eit felles fagmiljø i avdelinga slik at ein også kan få arbeidsoppgåver knytt til poliklinikk.
 
Arbeidsstad er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og omland, sjå  https://www.visitalesund.com/

Attestar/tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

 
  • Utgreiing, diagnostisering og behandling/stabilisering
  • Fagleg utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Ta del i felles vaktordning med psykisk helsevern for vaksne

Kvalifikasjonar

  • Vi ønskjer oss ein lege med erfaring frå psykisk helsevern
  • Den som blir tilsett må mestre norsk språk muntleg og skriftleg


Personlege eigenskapar

Søkjar bør ha:

  • evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • gode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • interesse for fag- og organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid
  • stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Beate Olsbø Nilsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70106700
E-post: beate.olsbo.nilsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Døgnseksjon PHBU Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Geilebergvegen 20
6017 Ålesund