Kort om arbeidsgiver

Vi ser etter deg som liker å utvikle tenester saman med andre, er fleksibel, kan tenkje alternativt og er trygg på din faglege identitet. Da er du den vi treng for å etablere og utvikle FACT Ung i Molde.

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utredningseining (sengepost i Ålesund) og ei familieeining i Molde.

Vi har ledig fast stilling for overlege i barne- og ungdomspsykiatri, kor delar av stillinga gjeld arbeid i FACT Ung-team.

FACT Ung-teama skal gi behandling og praktisk oppfølging på ungdommen sin arena saman med familie og andre viktige personar i nettverket. Målgruppa vil vere barn/ungdom frå 12- 18 år, med samansette  vanskar og funksjonstap, og med behov for langvarig og koordinert innsats frå fleire tenester og nivå. Teama vil kunne følgje sine brukarar til dei fyller 25 år om behov. FACT Ung skal yte fleksible tenester innan ordinær arbeidstid på kvardagar.  

FACT Ung i Molde er eit samarbeidsprosjekt mellom Molde Kommune og BUP poliklinikk Molde.  Vi skal etablere eit tverrfagleg team med  erfaringskonsulent, overlege, psykolog/psykologspesialist og høgskoleutdanna personell, med inntil 7 stillingar. BUP poliklinikk Molde har ønske om at både overlege og psykolog/psykologspesialist, på sikt skal arbeide i FACT Ung,  i kvar si 50% stilling. I oppstart av teamet vil BUP sine ressursar vere tilpassa i hht kven som søkjer på stillinga og poliklinikken si ordinære drift. Om du ønsker å vite meir om kva FACT Ung er, anbefaler vi at du les "Utredning om FACT Ung i Norge" (NAPHA).
FACT Ung er eit 4-årig prosjekt som tar sikte på å gå over i ordinær drift, og stillinga som lyses ut hos BUP poliklinikk Molde er fast. Oppstart er planlagt frå august 2022. Ved interne søkjarar, kan det bli ledig stilling i poliklinikken. 

Etter jobb kan du nyte byen, naturen og kulturen!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturar, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféar og restaurantar. Les meir om Molde og Romsdalen her: https://www.visitmr.com/molde/molde-1

Arbeidsoppgåver

I FACT-Ung

  • Sikre ungdommane sin medverknad i eiga utvikling og behandling
  • Gi forsvarleg oppfølging og behandling innafor teamet sine rammar
  • Bidra i utvikling og evaluering av teamets arbeid
  • Samarbeid om å implementere Fact Ung metodikk
  • Samarbeide med pårørende og andre i barnets/ungdommens nettverk
  • Arbeidsarenaen vil i stor grad være der ungdommen oppholder seg

Arbeid i poliklinikken

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar i alderen 6-18 år
  • Arbeid i team
  • Fagutvikling og kvalitetsforbetringsarbeid
  • Kompetansebygging og rettleiing, både internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Vi søker etter spesialist i barne- og ungdomspsykiatri. LIS som om kort tid har fullført spesialitet i barne- og ungdomspsykiatri kan søkje på stillinga
  • Det er ønskeleg med brei klinisk erfaring
  • Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting
  • Søkere må ha førerkort, arbeid i FACT-Ung er primært ambulant

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker oss ein kollega som er positiv, fleksibel og ansvarsbevisst
  • Du har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
  • Du er god på å kommunisere med pasientar, pårørande og samarbeidspartar
  • Du har god arbeidskapasitet og kan strukturere eiga arbeidskvardag 
  • God relasjonell kompetanse og gode samarbeidsevner
  • Trivast med utviklingsarbeid

Vi tilbyr

  • Ein seksjon som arbeider med å utvikle og tilby gode tenester til barn, unge og deira familiar, og til våre samarbeidspartar
  • Ein hyggeleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og medarbeidarar med høg faglegeheit 
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hilde Sivertsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71217485 / 99245684
E-post: hilde.sivertsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedsvegen
6412 Molde