Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Divisjon psykisk helsevern har ledige stillingar for lege i spesialisering i psykiatri.
Har du lyst å jobbe på ein kjekk arbeidsplass med gode kollegaer og i eit spennande fagfelt?
Vi er no på jakt etter nye dyktige kollegaer.
Helse Bergen aukar satsinga på psykisk helsevern, og i den samanheng er det oppretta nye faste stillingar for LIS 3 i vaksenpsykiatri.
Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus er eit av fem lokale helseføretak som er eigd av det regionale føretaket Helse Vest RHF. Det er over 13000 tilsette fordelt på 9600 årsverk. Hovudoppgåvene er pasientbehandling, forsking, undervising og pasientopplæring. Vi har pasienttilbod innan somatikk, psykisk helsevern og rusbehandling.
Divisjon psykisk helsevern har ansvar for spesialisthelsetenesta innan psykisk helsevern, og har organisert sitt kliniske tilbod i seks klinikkar. Både born og vaksne er ein del av vår målgruppe. Verksemda er lokalisert ein rekkje stader i Bergensområdet og inneheld akuttmottak, ambulerande team, poliklinikkar, dagavdelingar og sengeavdelingar.
Læringsarenaene for spesialiteten psykiatri er ved desse avdelingane:
Sjukehusavdelingar: Psykiatrisk akuttmottak (PAM), stemningslidingar, spesialisert psykosebehandling, spiseforstyrringar, alderspsykiatri, ECT, psykosomatisk medisin, klinikk for sikkerheitspsykiatri.
DPS: Bjørgvin DPS, Kronstad DPS og Øyane DPS. DPSane har både døgn- og dagavdelingar, samt ein rekkje polikliniske behandlingstilbod.
Divisjonen har ein stor forskingsavdeling, og det er mogleg å velje forsking som del av utdanninga. Divisjonen psykisk helsevern er godkjend for 5 års teljande teneste til spesialiteten psykiatri. Spesialistkandidatar kan få heile tenesta dekka gjennom eit felles rotasjonssystem i divisjonen.
Etter utvidinga av antallet stillingar vil det bli til saman 32 utdanningsstillingar.
Det vises for øvrig til utdanningsplanen vår: Psykiatri_VOP utdanningsplan_HUS.pdf (helse-bergen.no). Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist
Tilsetjinga:
Dei som blir tilsett får sitt tilsetjingsforhold på divisjonsnivå, og vil rotere mellom ulike avdelingar. Vaksenpsykiatri har ei rotasjonsordning, der ein 2 gonger kvart år legg til rette for flytting mellom læringsarenaer, slik at kandidatane kan få oppfylt sine læringsmål etter ønskje og så raskt som mogleg.
Kandidatar som har behov for sideutdanning, er også velkomen til å søkje.
Vitnemål og attestar på godkjend relevant teneste skal leggjast ved søknaden. Det er vidare krav om politiattest ved tilsetjing, jf Psykisk helsevernloven kap. 4A-7.
Søknadar utanom Webcruiter vil ikkje bli behandla.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulurell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.