Vil du bli fastlege i Sogndal? 
 
 
Ledige stillingar 
Ved Sogndal Legesenter er det ledig følgjande stillingar. 
  1. Eitt års vikariat i fastlegeheimel frå snarast. Liste på 800 pasientar og 20% stilling som skulelege. 
  1. Nyoppretta fastlegeheimel frå snarast. Liste på inntil 800 pasientar. 
 
Sogndal legesenter 
Legesenteret har 11 fastlegar i alderen 31 til 48 år, 6 spesialistar og 5 i spesialisering, samt 1 LIS1. Me har god bemanning av hjelpepersonell med erfarne legesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniørar. Me har svært godt fagleg og sosialt miljø. 
 
Me legg stor vekt på rettleiing integrert i praksis med sikte på at både kurativt arbeid og legevakt skal vere ein god plass å lære allmennmedisin og leggje grunnlaget for spesialisering. Me tilbyr fast rettleiar, hjelper med utdanningsplan, legg til rette for oppnåing av læringsmål og gir kompensasjon for fråvær for utdanning. 
 
Legesenteret er nytt og stort med mellom anna laboratorium, 2 akuttrom og 3 skadestover.  
Kommunen eig og driv legesenteret. Legane er sjølvstendig næringsdrivande med 8-2-avtale. Fastlønn kan vurderast dersom søkjar ynskjer det. 
 
Legevakta er for tida 15-delt og dekkar ca. 12 000 innbyggjarar, inkludert ØHD. Heimevakt med legevaktlokale ved Sogndal legesenter. Me har legevaktbil og godt samarbeid med lokal ambulanse. 
 
Legesenteret er samlokalisert med mellom anna sjukeheim med ØHD, helsestasjon, fysioterapi og psykiatriteneste. 
 
Arbeidsoppgåver: 
Allmennmedisinske oppgåver som fastlege. 
 
Kvalifikasjonar: 
Norsk autorisasjon som lege. 
Gjennomført LIS1 
Førarkort klasse B 
 
Personlege eigenskapar: 
Flytande norskkunnkapar, både skriftleg og muntleg. 
Gode evner til kommunikasjon og samhandling. 
Gode evner til å arbeide sjølvstendig og strukturert. 
Høg arbeidskapasitet. 
  
Vilkår for fastlegeavtale går fram av lover, forskrifter, sentrale og lokale avtalar. 
 
Sogndal kommune 
Sogndal kommune har ca. 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Kommunen ligg ved Sognefjorden omgitt av vakker natur med gode moglegheiter for friluftsliv med alt frå topptur på ski til båtliv på fjorden. God kommunikasjon med eigen flyplass med direktefly til Oslo og Bergen. 
Kommunen er vertsstad for fylkeskommune, fylkesmann og andre statlege etatar, samt to vidaregåande skular og høgskulen på Vestlandet. 
Kommunen har stort mangfald av frivillige lag og organisasjonar og rikt tilbod innan idrett- og kultur.  
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 
 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Sogndal kommune
Kontaktperson
Navn: Jan Ove Tryti
Tittel: Tenesteleiar
E-post: jan.ove.tryti@sogndal.kommune.no
Arbeidssted
Sogndal legesenter
Skulevegen
6856 SOGNDAL