Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon, som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Vi har årleg ca 1300 pasientar til behandling fordelt på åtte ulike ytingar; kreft, nevrologi, hjerneslag, hjerneskade, sjukdom i øyre og øyrebensknute, sjukeleg overvekt, muskel- og skjelett, samt avtale om arbeidsretta behandling. I tillegg har vi nokre gruppetilbod for barn og unge, og for pasientar med Osteogenesis Imperfecta og pasientar med Multiple Osteokondromer. Vi har 3,8 legestillingar og senteret er godkjent som utdanningsinstitusjon for lege i spesialisering.
Institusjonen har gode fasilitetar for varierte aktivitetar både inne og ute. Vi ligg ved fjorden, omkransa av fjell og flott natur. Det er mange turløyper for ulike funksjonsnivå i området, som er ideelt som utgangspunkt for både aktivitet og avkopling.
Vi ligg i Fjaler kommune, ein tettstad med nærheit til barnehage, skule, samt vidaregåande. Det tek ca 45 minutt med bil til næraste flyplass og du kan vere i Oslo etter 1 time i fly. Om du ønsker å køyre til Bergen, tek dette om lag 3 timar. Vi kan tilby personalbustad, dette kan gjere helgependling mogleg.