Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du å jobbe på den medisinske avdelinga i Norge med den beste utsikta, dei beste kollegaene og drøssevis av fritidsmoglegheiter, i Norges vakraste fylke?


Ved medisinsk avdeling i Molde har vi ledig vikariat for Lege i spesialisering med utdanningsløp innan indremedisin. Medisinsk avdeling er en veldifferensiert avdeling som er godkjent for utdanning i generell indremedisin, kardiologi, lungemedisin, fordøyelsessjukdom, infeksjon, hematologi og endokrinologi.

Vi er en veldig hyggelig og inkluderande medisinsk avdeling. Sjukehuset er av perfekt storleik. Lite nok til at alle kjenner alle og kvardagslogistikken er god, men stort nok til at man ikkje får meir ansvar enn man kan bere. Avdelinga satsar på fagleg kvalitet, utdanning, aukande forskningsaktivitet, utvikling og godt arbeidsmiljø.

Vi har blant anna internundervisning med høg kvalitet, ett av landets kanskje beste medisinske akutt team ledet av LIS2/3 i vakt. Vi har tidleg og god opplæring i vaktrelevante prosedyrar og bruk av håndholdt ultralyd, penicillinallergipoliklinikk som har fått nasjonal oppmerksomheit, antibiotikateam som stadig utviklar og forbetrar arbeidet vårt. Vi har eit tett og godt samarbeid med andre seksjonar på huset, fredagsflax, god humor, spreke kollegaer, og eit nytt sjukehus Nordmøre og Romsdal under bygging.

Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS2/3 tilstade heile døgnet. Overlege i bakvakt som er heime på natt. 12-delt vaktordning for LIS2-3. Det er satt av tid i plan til rettleiing og fordjupning. 

Vi har behov for vikar omgåande, men er åpne for å justere oppstartsdato for rette vedkomande. Store moglegheiter for forlenging av vikariatet.

Er dette noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga!

Attestert tjenestebevis frå tidligare arbeidsgjevar, og eventuell anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.

Arbeidsoppgåver

  • Gjeldande vaktordning.
  • Her får du mykje ansvar, men i trygge rammer.
  • Du vil få rask opplæring i bruk av håndholdt ultralyd og i akuttprosedyrer.
  • Arbeid som LIS ved sengepost og poliklinikk.
  • Du vil få moglegheit til å rettleiie og supervisere LIS1.
  • Ut i frå eigne interessefelt tilrettelegg vi så godt som mogleg for personleg fagleg utvikling.
  • Det er store moglegheiter for å drive innovativt medisinsk arbeid hos oss. 

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon. 
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnustjeneste etter gammal ordning.
  • Meistre norsk språk - Skriftleg og muntleg tilfredsstillande.
  • Erfaring frå relevant stilling blir vektlagt.
  • Utdanningsretning innan indremedisin er en fordel.

Personlege eigenskapar

  • Positiv.
  • God til å samarbeide.
  • Evne til å kommunisere og jobbe tverrfagleg.
  • Du må være glad i høgt tempo og varierte oppgåver.
  • Ein god kollega.
  • Personlige eigenskaper blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Ida Camilla Monn Birkhaug
Tittel: Seksjonsleder (lege)
E-post: Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Molde sjukehus
6412 MOLDE