Kort om arbeidsgiver

Vi søker etter deg som vil vera med på laget når vi skal fortsette arbeidet med å vidareutvikle ei solid og fagleg sterk anestesiavdeling ved Stord sjukehus. Vi har gått vekk frå heimevaktsordninga, no er anestesilegane våre tilstades der det skjer og vi er stolte av å presentere ei vaktordning som aukar pasienttryggleiken samstundes som legane våre trivst med å vera tett på heile døgeret. I kollegagruppa har vi 5 dyktige anestesioverlegar som vert dine næraste kollegaer, vi har varierte arbeidsdagar ved sjukehuset i ei nyare operasjonsavdeling med 4 operasjonsstover. Sjukehuset vårt har fødeavdeling og intensivavdeling, og vi tener generell kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, tannbehandling, ØNH og urologiske inngrep. Høyres det ut som noko som kan passe for deg?    

Vi treng deg som brenn for fag og pasienttryggleik, og om du i tillegg er god på kommunikasjon og bidrar til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, ja, då er me interessert i å komme i kontakt med deg!     

Anestesilegen som blir tilsett hos oss vil ha mulighet til å disponere bustad på sjukehuset sitt område dersom det skulle vera av interesse. Vi har ein god tenesteplan der kvar 6.veke er friveke - med fri både fredag og helga før friveka, og fri mandag etter friveka. 

Sjukehuset vårt har eit nedslagsfelt på rundt 50 000 innbyggjarar. Avdelinga har om lag 2500 anestesiar kvart. Vi har pr. no ikkje LIS i anestesiologi, anestesioverlegane våre er difor sentrale i pasientbehandlinga vår. 

Vi har byliv tett på sjø og fjell og mange flotte turløyper i kommunen. Her kan du bu landleg eller sentralt med restaurantar, butikkar, kultursenter og idrettsannlegg i nærområdet. Oppvekstvilkåra for barn og ungdom er gode, vi har fleire barne- og ungdomsskular, og eit mangfoldig tilbod innan idrett, kunst og kultur. På Stord finn ein fleire vidaregåande skular og Høgskulen på Vestlandet. 

Stord er ein landfast bykommune sentralt plassert mellom Stavanger og Bergen. Vi har flyplass med direkterute til Oslo, og kommunen er elles eit sentralt trafikknutepunkt. Ta kontakt ved spørsmål, vi vil gjerne høyre frå deg! 

Arbeidsoppgåver

  • Variert anestesiologisk arbeid knytt til elektiv virksomhet og øyeblikkelig hjelp.                                                                                                                                                               Vi fordeler operasjonsprogrammet vårt på 4 operasjonsstover i ei nyare og fin avdeling.
  • Anestesioverlegane våre inngår i vaktordninga med 24-timers vakt. Kvar 6.veke er friveke. 
  • Mottak av pasientar i anestesi poliklinikk før operasjonsdag
  • Avdelinga kan legge til rette for at ein kan fordjupe seg i område ein er spesielt interessert i, t.d. traumebehandling, blokkadar, smertebehandling, nyføddresuscitering eller anna.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi. Vi oppmodar også LIS i sluttfase av spesialiseringa til å søke.
  • Relevant praksis og erfaring frå norske sjukehus. 
  • Ein må kunne inngå i aktuell vaktordning/tenesteplan som inkluderer 24-timers vakter utan forvakt. 
  • God kommunikasjonsevne er viktig for oss, og vert vektlagd. Gode språkkunnskapar er difor eit krav. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad. 

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonseevner og personleg kompetanse blir vektlagd.
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
  • Bidrar til eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på tvers av seksjonar.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Konkuransedyktig pensjonsordning.
  • Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Leige av bustad på sjukehusområdet, oppgi evt. behov i søknadstekst.
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Fagleg utvikling gjennom løna utdanningspermisjon ihht gjeldande overeinskomst og 10 permisjonsdagar til etter- og vidareutdanning pr. år.

 

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Fonna
Kontaktpersoner
Navn: Britt Johanne Rikstad Myklevoll
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 48104894
Navn: Dag Rune Vatle
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 92217601
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Akuttmottak og anestesi seksjon Stord, Helse Fonna HF
Tysevegen 64
5416 Stord
Søk på stillingen