Kort om arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vi ønskjer oss deg på laget vårt!
Avdeling for kirurgi Kristiansund sjukehus har ledig to faste stillingar og eit vikariat for 12 månader for lege i spesialisering (LIS) innan ortopedisk kirurgi. Det er mogelegheit for vidareføring av vikariatet utover 12 månader. Tilsetting frå snarast.
Vi er 10 overlegar, 6-7 LIS3 og 9 LIS1 (1 professor, 1 førsteamanuensis, 1 universitetslektor). I tillegg har vi 7 LIS1 vikarar i løpet av året. Vi har eigen avdeling for forsking med 9 PhD-prosjektar, samt ein rekkje publikasjonar i høgt rangerte internasjonale tidsskrifter årleg. Vi har 2 PhD i avdelinga og 2 disputerer i 2022.
Avdelinga har to sengepostar der ein er dedikert til fast-track protesekirurgi, dagkirurgisk eining. Vi har òg ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri. Vidare kan avdelinga tilby:
- Multidisiplinær behandling
- Skadepoliklinikk og ortopedisk poliklinikk, samt akuttmottak
- Osteoporose-poliklinikk med behandlings/ infusjonseining, DXA-maskin, «Capture the fracture» silver star rangering
- Proteseførebuande eining med fast-track protesekirurgi med 1 døgn liggetid
- Operasjonsavdeling med stor verksemd innanfor dei fleste spekter av ortopedien
- Sub-spesialitetar innanfor hofte- og kneprotesar inkludert omfattande revisjonskirurgi, rygg, barn, hånd, fot, artroscopi, komplisert sårbehandling, ortogeriatri , traumekirurgi, osteophorose etc.
- Utdanningsinstitusjon for medisinstudentar fra NTNU. Vi har 16 studentar i løpet av året i praksis på siste år av studiet
- Fysioterapeutar, spesialsjukepleiarar, ernæringsfysiolog og klinisk farmasøyt er dedikert til seksjonane våre
Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.
Visste du dette om Kristiansund?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Arbeidsoppgåver
Du får varierte arbeidsoppgåver som lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi:
- Vakt
- Operasjon
- Poliklinikk
- Visitt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Erfaring innan kirurgi/ ortopedi, gjerne med forskningsambisjonar
- Gjennomført og godkjent LIS1 teneste om man ikkje blir omfatta av unntaksbestemmelsene
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsette
- Du har god evne til refleksjon over eigen praksis som lege
- Du har god evne til å gje og motta tilbakemeldingar
- Du har interesse for forskning
- Du evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)
Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår