Kort om arbeidsgiver
Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har 19 100 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår. I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!
Hå kommune har 20 kommunale fastlegeheimlar fordelt på tre legekontor. Me har gode ordningar for utdanning og rettleiing, stor trivsel og eit godt tverrfagleg samarbeid i ein framoverlent organisasjon. 1. juni 2022 skal me over i interkommunalt legevaktsamarbeid.
Hjå oss slepp du å ta ansvar for drift av legekontoret, finna din eigen vikar og me er gode til å finna løysninger dersom du treng ein dag fri.
Me har behov for fleire legar i eit hyggeleg kollegium, og lyser difor ut:
- Engasjement som lege ved Hå asylmottak og ansvarleg for legetenester for asylsøkjere busett privat i kommunen. Ledig frå no og i minst 6 mnd. Per no er det sett av 50% til dette men stillingsstorleik og varighet kan verta utvida.
- Vikariat for fastlege på grunn av svangerskapspermisjon ved Vigrestad helsesenter frå 1. juni 2022 til 31. august 2023. Per no er det ei lita og handterbar liste utan kommunale oppgåver.
- Vikariat for fastlege ved Varhaug legekontor, på grunn av avvikling av overlegepermisjon og utdanningspermisjon til spesialisering på Varhaug frå 1. september 2022. Varighet seks månader.
- Fast stilling ved Nærbø legekontor frå 1. september. Her tek du over ei veletablert liste på 600 pasientar, i kombinasjon som tilsynslege ved Hå sjukeheim.
Me ber om at du oppgjer i søknaden kvifor ein stilling du søkjar på, eller om du søkjar på fleire av dei ledige.
Kvalifikasjonar
- gjennomført Lis 1 men for vikariat er det og aktuelt med søkjarar som ikkje har gjennomført Lis 1.
- god kunnskap om norsk lovverk
Personlege eigenskapar
- interesse for allmennmedisin
- evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre
Personlege eigenskapar og lokal tilknytning vert vektlagt.
Attestar og vitnemål
Me ber om at du lastar opp attestar og vitnemål (pdf) digitalt saman med søknaden din.
Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.
Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månedar og reglar for flyttegodtgjersle.