Kort om arbeidsgiver

Avdeling for patologi er ei stor og velutrusta avdeling som gjer eit breitt diagnostisk tilbod innanfor biopsi, cytologi, autopsi, elektronmikroskopi, nyrepatologi, nevropatologi, oralpatologi og molekylærpatologi. Det er ei spennande og framtidsretta avdeling som er i gong med innføring av nye metodar og ny teknologi- mellom anna innanfor digital patologi og  kreftgenomikk.

Vi har to ledige vikariat som LIS, og ønskjer å tilsetje snarast. Vikariata er for eit år med mogleg forlenging. Vikariata kan telje som del av spesialistutdanninga. 

Årleg undersøkjer avdelinga 55 000 biopsiar og 65 000 cytologiske prøvar. Det blir utført om lag 60 000 immunhistokjemiske undersøkingar og ca 350 obduksjonar årleg. Avdeling for patologi er ein del av eit nasjonalt satsingsprosjekt innan digital patologi, og dette vil endre måten ein arbeidar på innan patologifeltet dei neste åra.

Det er i overkant av 100 tilsette på avdelinga, derav 25 overlegar, 12 legar i spesialisering og mange bioingeniørar, ingeniørar og fagarbeidarar i tekniske stillingar. Ved avdelinga er det mange engasjerte og trivelege tilsette, og vi søkjer etter medarbeidarar som kan trivast i eit hektisk og spennande arbeidsmiljø. Her vil du vere ein viktig aktør i ei kontinuerleg utvikling. Vi ser etter deg som har evne til å arbeide målretta og som set fagleg kvalitet høgt.

Patologi er ei kjerneverksemd innanfor diagnostikk av kreft og annan sjukdom. Faget er i rask utvikling og omfattar heile spekteret frå klassiske mikroskopiteknikkar til molekylære analysar. Avdelinga har omfattande diagnostiske funksjonar og dekkjer alle fagområda innanfor patologi. Kandidaten vil få ein overlege som rettleiar i spesialistutdanninga i patologi. Fleire av overlegane har bistilling på Universitetet i Bergen og det er eit tett samarbeid med tilsette på universitetet. Her er derfor gode moglegheiter til forsking og utviklingsarbeid.

Ved tilsetjing vil personlege eigenskapar og evne til å samarbeide bli lagt vekt på.

Arbeidsoppgåver

  • Den som blir tilsett skal delta i det diagnostiske arbeidet med biopsiar, cytologiske prøvar og obduksjonar i rotasjon med dei andre spesialistkandidatane
  • Arbeidstida er p.t. måndag til fredag 0800-1600

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i patologi
  • Patologifaget krev solid kunnskap innanfor dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi
  • Erfaring frå klinisk verksemd kan vere nyttig
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring frå patologifaget og relevant forskingserfaring
  • Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk eller skandinavisk språk, både skriftleg og munnleg
  • Ein forventer jevn progresjon i spesialistutdanniga, og at spesialiteten oppnåast i løpet av omlag fem år.

Personlege eigenskapar

  • Stillinga passar for ein lege som har som mål å utvikle høg fagleg kompetanse

Den som blir tilsett må vise:

  • gode samarbeidsevner
  • stor vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap
  • evne til å arbeide ansvarleg, nøyaktig, effektivt og etterretteleg

Vi tilbyr

  • Ein vil få ein personleg rettleiar og delta i avdelinga sitt regulære utdanningsprogram
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • Ein viktig og interessant jobb i norsk helsevesen

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Anna Elisabeth Thunstrøm
Tittel: Ass. Avdelingssjef
Telefon: 55973214
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for patologi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Søk på stillingen