Kort om arbeidsgiver
Vurderer du å søkja stilling som fastlege? Me har fleire ledige stillingar i vårt team av dyktige fastlegar! 

Som fastlege får du høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokonsinne i den kommunale helse og omsorgstenesta og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta. M.a. viser forsking at pasientar som har hatt same fastlege over tid har lågare dødsrisiko enn dei som har hatt same fastlege over kort tid. Dei har også mindre sannsyn for å bli akutt innlagde på sjukehus.
I Kvam har me ei stabil og velfungerande legeteneste som no treng nye kollegaer med på laget.  Me har to sentrale, privat drivne legekontor i Norheimsund og Øystese og to kommunalt drivne utekontor i Ålvik og Strandebarm - til saman 10 fastlegeheimlar. Fastlegane deltek i kommunal legevakt med stasjon i Norheimsund. 

Interessert? 
Vil du bli betre kjend med oss og kommunen vår? Sjekk videoen HER
 

Arbeidsoppgåver
Kurativt legearbeid i fastlegeordninga

Legekontora og legevakten nyttar Infodoc Plenario journalsystem, Norsk Helsenett, e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no. Det er lagt til rette for bruk av videokonsultasjon og oppkopling frå heimekontor mot EPJ. Kontora er godt utstyrte med bl.a. spirometri, EKG, ultralydapparat og ambulant blodtrykksmåling.

Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning og i interkommunal legevakt på Voss etter oppsett plan, i praksis omlag 3 vakter pr månad. Arbeid på legevakt er fastlønna og med gode lønns-og arbeidsvilkår. Kvam legevakt disponerer to velutstyrte legevaktsbilar for legane.

Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som lege ev. spesialist i allmennmedisin

Gjennomført turnus/LIS1-teneste 
Kommunen legg til rette for spesialiseringsløpet i allmennmedisin 
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Det vert lagt vekt på fagleg engasjement innan allmennmedisin
Legen må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tildelt heimelen må difor leggja fram politiattest av ny dato, men den skal ikkje leggjast ved søknaden.

Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og formidlingsevner

Kunne arbeida strukturert, effektivt og sjølvstendig med moglegheit for veiledning/supervisjon
Fleksibel og positiv innstilling og kan møta og rettleia pasientar på ein god måte

Vi tilbyr
Er du interessert i å arbeida hos oss, har me desse stillingane ledig: 

Helsebanken legekontor i Øystese
Fastlege - listelengd for tida 900 pasientar (redusert liste kan avtalast om ønskjeleg) - stillinga er ledig frå 1. mars 2022
Fastlege - listelengd etter avtale - stillinga er ledig etter avtale 

Norheimsund legesenter
Fastlege - listelengd etter avtale - stillinga er ledig etter avtale

Fastlegevikar
Kommunen har også behov for legevikar som kan arbeida ved begge kontora. Første ledige vikariat er frå 7. mars - 22. august 2022 med høve til forlenging. Skriv i søknaden om du er interessert i fast stilling eller vikariat. Legar som ventar på LIS1 stilling er velkomne til å søkja på vikariat hos oss. 

Me er opne for ulike driftsformer - ønskjer du fastlønn eller næringsdrift? Kommunen kan også tilby "8.2 avtale" eller fastlønn med incentivlønn.  

Rådmannen utgreier for tida spørsmålet om kommunen skal overta drifta av dei private legekontora. Det er allereie politisk vedtak på at kommunen overtek verdien av opparbeidd praksis når næringsdrivande legar sluttar. Nye fastlegar som ønskjer å driva etter næringsmodellen, slepp difor betala for opparbeidd praksis ("goodwill").

Kommunen vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin for søkjarar som ikkje allereie er spesialistar. Legane vil få fastlønn under spesialiseringsløpet og kan om ynskjeleg inngå avtale om næringsdrift ved fullført spesialisering. 

Tilsetjing skjer etter fastlegeforskrifta og sentrale avtalar mellom KS og Legeforeningen. Legepraksisen skal drivast i samsvar med Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, fastlegeforskrifta og andre relevante styringsdokument. Fastlegen skal følgja dei vilkåra som går fram av sentrale avtalar i fastlegeordninga, føringar frå HELFO og lokale føringar av kommunen.

Dersom legen ynskjer næringsdrift må vilkår for overtaking av praksisen avtalast i tråd med sentrale avtalar. Ein forutset at praksisen vert  vidareført i same lokale. Legepraksisen inngår i eit økonomisk og fagleg fellesskap, og heimelshavar må inngå internavtale med dei andre legane
før ein kan tre inn i gruppepraksisen.

Ta gjerne kontakt med våre kontaktpersonar Dag Erlend eller Ragnar
som kan fortelja meir om korleis det er å jobba som fastlege i Kvam!


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvam herad
Kontaktpersoner
Navn: Dag Erlend Skjelbreid
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 991 08 543
E-post: dask@kvam.kommune.no
Navn: Ragnar Hansen
Tittel: Tillitsvald DNLF
Telefon: 990 03 131
E-post: ragnar.hansen@kvamnet.no
Arbeidssted
Norheimsund
5600 NORHEIMSUND