Kort om arbeidsgiver

I avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering har vi ledig ei fast stilling for overlege med interesse for barnenevrologi og habilitering. Arbeidsstad er primært delt mellom Kristiansund og Ålesund, med hovedarbeidsstad Ålesund, men anna intern fordeling av oppgåver kan vurderast. Startdato for tilsetting kan avtalast.

Avdelinga har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 uker-18 år i heile fylket. Vi har spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdommar. Avdelinga har til
saman seks seksjonar som er lokalisert i Kristiansund, Molde og Ålesund.
I Ålesund finn ein habiliteringseining, sengepost for barn og ungdom, nyfødt intensiv og poliklinikk for
barn og ungdom. Avdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter.
Habiliteringseininga flytter inn i nye rehabiliterte lokaler i januar 22. I Ålesund har vi tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for neonatolog. I Kristiansund finn ein habiliteringseining, sengepost og poliklinikk for barn og ungdom.  I Kristiansund har vi to
vaktsjikt; primærvakt og generell bakvakt.  

Arbeidsoppgåver

  • Delta i tverrfagleg spesialisert habilitering, herunder utredning, diagnostisering og oppfølging.
  • Delta i spesialisert poliklinikk
  • Evt. deltakelse i vaktordning etter avtale

Kvalifikasjonar

  • Vi søker etter godkjent spesialist i barnesjukdommar eller lege med anna relevant erfaring.
  • Det er ønskeleg med spesiell kompetanse innan barnenevrologi og habilitering.
  • Du må ha norsk autoriasjon som lege
  • Du må mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg 

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Høgt fagleg nivå
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Anne Helene Marøy Ulvestad
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70 10 64 43
E-post: Anne.Helene.Maroy.Ulvestad@helse-mr.no
Navn: Christine Vaksdal Nilsen
Tittel: Seksjonsleiar (lege)
Telefon: 70 16 76 45
E-post: Christine.Vaksdal.Nilsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Legar barn og ungdom Molde og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 1
6017 Ålesund
Søk på stillingen