Kort om arbeidsgiver

Seksjon for revmatologi og hud ved Ålesund sjukehus har frå 1. mars 2022 ledig ei fast stilling for lege i spesialisering innan revmatologi.

Intern omrokkering kan gi andre ledige stillingar.

Revmatologisk avdeling har fylkesdekkande funksjon og er den einaste revmatologiske avdelinga i Møre og Romsdal fylke. Vi tek oss av pasientar med artrittsjukdommar, bindevevssjukdommar og vaskulittar. Avdelinga har sengepost og poliklinikk, og har tilknytta legar, sjukepleiarar, fysioterapeut, ergoterapeut og helsesekretærar. I revmatologisk avdeling Ålesund har vi eit stort fagleg engasjement på både nasjonalt og internasjonalt nivå. Vi har i over 10 år bidrege i store multisenterstudiar, og har slik gitt pasientar moglegheita til å ta i bruk det siste og nye av behandlingsmetodar. 

Vi søker deg som ynskjer ein variert og spennande kvardag og som vil vere med å utvikle revmatologi-faget vidare saman med gode og engasjerte kolleger.

Ålesund er kåra til ein av dei vakraste byane i Norge og er kjent for sin Jugendstilarkitektur. Byen og omlandet har eit rikt kulturliv. Omlandet har også eit mangfold av fjorder, øyer og fjell som gir gode tur- og rekreasjonsmoglegheiter. Du kan sjå meir om regionen vår her: Visit Ålesund

Arbeidsoppgåver

  • Legar i spesialisering rullerer mellom sengepost og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Der er ønskeleg at søkar har erfaring innan revmatologi
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Legar som har erfaring frå almennpraksis, og som er i behov for 1 års praksis frå spesialisthelsetjenesta vert oppmoda til å søke

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Høve til fagleg utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i regionen for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Hallvard Fremstad
Tittel: Medisinsk ansvarleg overlege revmatologi
Telefon: 90697067
E-post: Hallvard.Fremstad@helse-mr.no
Navn: Ida Grøtta Barstad
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 70105458 / 90621279
E-post: Ida.Grotta.Barstad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Revmatologisk poliklinikk Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen