Kort om arbeidsgiver

Kristiansund sjukehus er eit av fire sjukehus i Helse Møre og Romsdal. Avdeling for barnemedisin og habilitering omfattar barne- og ungdomsavdelingane og barnehabiliteringstjenesta i føretaket. Ved Kristiansund sjukehus er det sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Ein av barnelegane arbeider også i barnehabiliteringstjenesta. Barselavdelinga i Kristiansund blei opna igjen 10.01.2022.

Avdeling for barnemedisin og habilitering har behov for å styrke bemanninga ved sjukehuset i Kristiansund.
Vi søkjer etter vaktkompetent Lege i spesialisering innan barnemedisin, med ønsket oppstart så snart som mogleg/etter avtale. Stillingen inneber arbeid i sengepost og poliklinikk for barn og unge på dagtid. Heimevakter på kveld/natt/helg.

Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. Her vert det no planlagt for sengepost, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom. Ein del av SNR vil bli nytt Distriktsmedisinsk senter i Kristiansund. Her vert det planlagt tilbod til barn og ungdom med poliklinikk og dagbehandling.

Du vil vere omgitt av flott natur med mange turmål til fjells og langs kysten. Vi kan óg friste med eit rikt kulturliv! Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! Vi kan hjelpe med bolig i ei overgangsfase, og også med kontakt med barnehage/skule. For meir informasjon om Kristiansund / Romsdal og Nordmøre viser vi til nettsida: Visit Nordvest     

Arbeidsoppgåver

  • Mottak av ø-hjelps pasientar
  • Behandling og oppfølging av inneliggande pasienter
  • Deltaking i spesialiseringsløp
  • Dagbehandling og poliklinisk arbeid
  • Heimevakt på kveld/natt/ helg 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning 
  • Vi ønskjer søkjarar med interesse for faget, og med ønskje om å spesialisere seg innan barnemedisin

Personlege eigenskapar

  • Norsk autorisasjon
  • God kunnskap i norsk/nordisk språk, skriftleg og muntleg 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Det kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. 

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktpersoner
Navn: Siv Helen Kristoffersen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71121558
E-post: Siv.Helen.Kristoffersen@helse-mr.no
Navn: Bente Askestad
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 71121590
E-post: Bente.Askestad@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Sengepost barn og ungdom Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillingen