Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldrive klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarene i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med 79 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2022 eit budsjett på 152 millionar kronar, og 220 tilsette fordelt på vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåvar er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 13 legespesialister og 20 psykologspesialistar tilsett. Vi ønskjer å styrke spesialistkompetansen yttarlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert.

Fagområde Psykose har følgjande seksjonar:

  • Bjørgvin Psykose poliklinikk
  • C3 Psykose døgnbehandling
  • C4 Psykose døgnbehandling


Vi søkjer etter ein Overlege i psykiatri til 100 % stilling i vår psykosepoliklinikk. Psykosepoliklinikken er teamorganisert. Vi har etablerte FACT team i samarbeid med kommunane.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
  • Frivillig deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Overlege spesialist i psykiatri
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre norsk både skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • God teamarbeidar
  • Gode samarbeidsevnar
  • Fagleg engasjert

Vi tilbyr

  • Godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • Gode moglegheitar for kompetanseutvekling
  • Løn i henhald til gjeldane avtalar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Wenny Bernes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Marina Tennebekk
Tittel: Medisinsk fagleg ansvarleg
Telefon: 55 95 70 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter, Helse Bergen
Tertnesveien 37
5113 Tertnes
Søk på stillingen