Kort om arbeidsgiver

Bjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldrive klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarene i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har klinikken eit opptaksområde med 79 000 innbyggjarar over 18 år. Bjørgvin DPS har i 2022 eit budsjett på 152 millionar kroner, og 220 tilsette fordelt på  vel 150 årsverk. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på Tertnes, mens polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken er delt i to fagområde psykose og allmennpsykiatri.

Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåvar er:

  • Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
  • Opplæring av pasientar og pårørande
  • Rettleiing til psykisk helseteneste i kommunane
  • Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell

Klinikken har for tida 13 legespesialister og 20 psykologspesialistar tilsett. Vi ønskjer å styrke spesialistkompetansen yttarlegare. Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for spesialistar og vi har fokus på forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og brukarorganisasjonar er høgt prioritert. I Knarvik har vi tilsatt 2 overlegar og 6 psykologspesialistar.


Fagområde allmenn psykiatri har følgjande seksjonar:

  • Tertnes allmennpsykiatriske poliklinikk
  • Knarvik Allmennpsykiatriske poliklinikk
  • eMeistring
  • C1 døgnbehandling


Vi søkjer etter ein Overlege i psykiatri i 100 % stilling til vår allmennpsykiatriske poliklinikk i Knarvik. Poliklinikken er lokalisert i Region Nordhordland Helsehus i Knarvik. Det er godt kollektivsamband til Knarvik frå Bergen sentrum både med ekspressbussar og hurtigbåt frå Strandkaien. Reisetiden frå Bergen sentrum er 25 minuttar.

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av tilviste pasientar
  • Deltaking i tverrfaglege behandlingsteam
  • Frivillig deltaking i vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Overlege spesialist i psykiatri eller rusmedisin
  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Fagleg engasjert
  • God teamarbeidar

Vi tilbyr

  • Godt og engasjerande arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for kompetanseutvekling
  • Løn i henhald til gjeldane overeinskomst
  • Fantastiske lokaliteter i nye RNH helsehus

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Fredrik Hiis Bergh
Tittel: Klinikkdirektør
Telefon: 55 95 70 00
Navn: Herman Årnes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55 95 00 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Bjørgvin distriktpsykiatriske senter/ Knarvik allmennpsykiatriske poliklinikk, Helse Bergen
Kvassnesvegen 40
5914 Isdalstø
Søk på stillingen