Kort om arbeidsgiver
Vi har ledig omgåande 100 % fast stilling for lege på legevakt i turnusordning 1 veke på og 2 veker fri.
Vi søkjer deg som ønskjer å strekke deg litt ekstra for pasientane for å sikre høg kvalitet på legevakttenesta. Vi er opptatt av å bygge eit team som i tillegg til sine faglege kvalifikasjonar, ønskjer å bidra aktivt i arbeidsmiljøet som positive bidragsytarar.
Vi vil gjerne ha deg som ny innbyggar i kommunen, men det er også kort pendlaravstand til Ålesund og flyplass. Sykkylven kommune er ei nydeleg kommune som ligg midt i smørauget når det gjeld kort avstand til fjord og fjell, med frilufts - og skieldoradoet Sunnmørsalpane rett utanfor dørstokken.

Arbeidsstad
Stranda og Sykkylven har starta opp ny interkommunal legevakt 1.7.2021 i tilknytning til det kommunale legesenteret i Sykkylven. Bygdelaga Liabygda og Geiranger inngår ikkje i den interkommunale avtalen. Legevakta har kontorlokale ved Sykkylven legesenter, som ligg sentralt i Sykkylven. 
Legevakta skal sikre gode tenester når det oppstår behov for akutte helsetenester på ettermiddag, kveld og natt, helgar og høgtider. Legevaktslegen er i tillegg til arbeid inne på legevakta også ute på enkelte sjukebesøk. Legevakta har for tida godt kvalifisert hjelpepersonell på ettermiddag og helg /høgtid. Legevakta arbeider i nært samarbeid med AMK og er ein del av naudnettet.
Vi vil yte gode tenester til innbyggjarane, og er derfor også opptatt av fagutvikling blant tilsette ved legevakta. Trening i akuttmedisin og samtrening med ambulanse er område som skal gjennomførast. Vi ønskjer å vere framoverlent og gjere legevakttenesta stadig betre.

Kvalifikasjonar
  • Sjølvstendig vaktkompetanse, gjerne spesialist i i allmennmedisin eller akuttmedisin
  • Førarkort klasse B
  • Dersom eit anna morsmål enn skandinavisk, må søkjar dokumentere språkleg nivå skriftleg og munnleg tilsvarande C1
Personlege eigenskapar
  • Tolmodig og empatisk og har stor respekt for pasientane og deira rettar og behov
  • Genuin interesse for allmenn- og akuttmedisin
  • Fleksibel
  • Gode samarbeidsevner
  • God motivasjon
  • Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
  • Kombinasjon av ei god fastløn og bonusordning
  • Ny legevaktsbil registrert som utrykkingskøyrety
  • Kan stille leilegheit til disposisjon
  • Avtale om bedriftshelseteneste
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
    -  Obligatorisk tenestepensjonsordning
    -  Gunstige låneordninga
    -  Gode forsikringsordningar
 
Anna

Tilsetting vil kunne bli gjennomført fortløpande. 
Vi ber om at attestar og vitnemål blir lagt ved søknaden. Vitnemålsportalen skal nyttast for vitnemål som er registrert der.
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
I samsvar med helsepersonellova vert det stilt krav om politiattest av ny dato, ikkje eldre enn tre - 3 - månad.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Kontaktpersoner
Navn: Ragnhild Hanken Skjong
Tittel: kommunalsjef helse og omsorg - Sykkylven
Telefon: 99738686
E-post: ragnhild.skjong@sykkylven.kommune.no
Navn: Åse Elin Hole
Tittel: Rådmann Stranda
Telefon: 46411002
E-post: ase.elin.hole@stranda.kommune.no
Arbeidssted
Sykkylven kommune
Haugneset 20
6230 SYKKYLVEN
Søk på stillingen