Kort om arbeidsgiver
 Vi treng  fleire flinke folk på laget.

- Voss er eit akkurat så lite sjukehus at du faktisk blir ein del av eit inkluderande og støttande miljø, og stort nok  til at vi alle får utfordringar og moglegheit til å utvikle oss som fagfolk.

Voss sjukehus’ kirurgisk avdeling er delt i kirurgisk og ortopedisk seksjon. Kirurgisk seksjon har 4 fast tilsette gastrokirurgar og 4 LIS 2. Kjerneaktiviteten vår gjeld hovudsakleg  bariatrisk kirurgi, cholecystektomi, ulike typar brokk og tarmreseksjonar – samt fleire mindre generellkirurgiske inngrep. Vi har i tillegg stor endoskopisk aktivitet og skal medverka i det komande koloskopi-screeningprogrammet. 

Vi har tett samarbeid med gastrokirurgisk avdeling Haukeland Universitetssjukehus (HUS) – både undervisningsmessig og reint operativt. Vi får overført ulike pasientar til operativ behandling på Voss sjukehus. I tillegg opererer kirurg frå HUS pasientar på Voss sjukehus. 

Generelt om Voss sjukehus:
Utviklingsplan for Voss sjukehus 2035 er vedteken i føretaket i 2020 og det blir no arbeidd med Konseptval for Nye Voss sjukehus som skal vedtakast våren 2022. Det blir ny Operasjonsavdeling, Ny kirurgisk oppvåkning og ny Akutteining i tillegg til nye poliklinikkar og oppgradering av sengepostar. Prosjektet er inne i investeringsplan for 2022-2025 som syr saman nytt areal på 4000 kvadratmeter med eksisterande areal på 16.000.

Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

Litt om Voss:
Voss herad har rundt 15.800 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg berre nokre steinkast frå sjukehuset, og det er ein flott golfbane her. Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz. Bluesfestival og Osafestival. Det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Tilsetjing etter nærare avtale med avdelingsoverlege.

Å bu og jobbe på Voss:  https://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/jobb-pa-voss/a-bu-pa-voss

Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta arbeid på sengepost, poliklinikk og operasjon
  • Elektiv og akutt kirurgi
  • Delta i vaktordning
  • Bidra fagleg gjennom undervisning, rettleiing og teamarbeid
  • Rettleiarfunksjon for LIS3

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan generell og gastroenterologisk kirurgi.
  • Du oppsøkjer og/eller har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner med dei rette ressursane til rett tid
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din
  • Vi vektlegg høgt vilje - og eigenskapar til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Vi legg til rette for kompetanseheving, etterutdanning og forskning for spesialistar
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe til med passande bustad
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og DNLF


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Christer Kvelvane
Tittel: Avdelingsoverlege kirurgisk avdeling
Telefon: 56 53 35 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Helse Bergen
Sjukehusvegen 16
5704 Voss
Søk på stillingen