Kort om arbeidsgiver
Vil du vere ein sentral deltakar i arbeidet vi gjer med å utvikle allmennlege­tenestene? Ønskjer du å arbeide hos oss i Kommunetenesteavdelinga?

Avdelinga har hovudansvar for staten sin politikk knytt til helse- og omsorgstenestelova og tannhelsetenestelova, medrekna omsorgstenester, fastlegeordninga og andre allmennlegetenester, helsestasjonar, skulehelseteneste og tannhelseteneste.
Vidare inngår òg det koordinerande ansvaret for departementet sitt arbeid med mellom anna psykisk helsevern, rus- og valdsfeltet, born og unge, rehabilitering, menneske med funksjonsnedsetjingar og minoritetsfeltet.

Avdelinga har etatsstyrings­ansvar for Statens helsetilsyn og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta, og varetek etatsstyringsrolla departementet har overfor statsforvaltarane og konsultasjonsordninga med kommunesektoren.

Avdelinga har fire seksjonar: Seksjon for innovasjon og kompetanse, seksjon for utvikling, seksjon for helsetenester og økonomi, og seksjon for tverrfaglege tenester og tannhelsetenester.

Om Seksjon for helsetenester og økonomi
Engasjementet er i seksjon for helsetenester og økonomi. Seksjonen har ansvar for helsetenester i kommunen; allmennlegetenestene inkl. fastlege­ordninga og legevakt, fysioterapi- og rehabiliterings­tenester, helsestasjon- og skulehelse­tenesta m.m.

Seksjonen tek seg òg av sakshandsaming knytt til etatsstyring av Helsetilsynet, Undersøkings­kommisjonen og statsforvaltarane.
I tillegg koordinerer seksjonen budsjettarbeidet i avdelinga, og har fleire andre koordinerings­funksjonar for HOD.

Arbeidsoppgåver
Du blir ein sentral deltakar i arbeidet avdelinga gjer med å utvikle allmennlege­tenestene, og får eit særleg ansvar for legevakt. Andre oppgåver innanfor ansvarsområdet i avdelinga er òg aktuelle. Du skal kome med innspel til politiske avgjersler og stå i tett kontakt med fagmiljø i Helsedirektoratet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonar
Vi krev:
  • helst medisinsk embetseksamen, eventuelt anna relevant helsefagleg eller samfunnsfagleg utdanning på mastergradnivå
  • god kompetanse om organisering, finansiering og styring m.m. av legevakt og andre allmennlegetenester og/eller den akuttmedisinske kjeda i Noreg og i liknande land
  • røynsle frå helsetenesta eller helseforvaltinga
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • til stilling som seniorrådgjevar krev vi normalt minst 6 år relevant arbeidserfaring
Personlege egenskapar
Vi søkjer deg som:
  • er sjølvstendig, strukturert og leveringsfør
  • er initiativrik og resultatorientert med vilje og evne til å arbeide tverrfagleg
  • har gode analytiske evner og solid fagleg kompetanse
  • god rolleforståing
  • god samfunnsforståing og interesse for politiske prosessar
  • har gode samarbeidsevner
  • er raus og har godt humør
Vi legg vekt på at du høver som person.
Vi tilbyr
  • Toårig engasjement
  • Stillingsbrøk: 100 %
  • Eit spennande og fagleg utfordrande miljø med gode høve til utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og trivelege kollegaer
  • God pensjonsordning
  • Fem veker ferie og fleksibel arbeidstid
  • Trening i arbeidstida
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:
Kr 600 000–850 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Vil du vite meir? 
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Maren Skaset på tlf.: 22248588

Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via jobbnorge 
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    
 
Unntak fra offentlig søkerliste  
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  
Stillingskategori
Rådgiver
Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Kommunetenesteavdelinga
Kontaktperson
Navn: Maren Skaset
Tittel: Avdelingsdirektør
Telefon: 22248588
Arbeidssted
Teatergata 9
0180 OSLO
Søk på stillingen