Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du å vere med å vidareutvikle dei palliative tenestene i Helse Bergen?

Vi søkjer etter overlege til vårt palliative senter. 

Det palliative tilbodet i spesialisthelsetenesta i Bergen er under omstrukturering. Dette betyr mellom anna at palliativ sengepost med regional funksjon ved Haraldsplass Diakonale Sykehus (HDS) blir flytta til Helse Bergen (HBE) frå 1. mars 2022. I første omgang vil det bli ei mellombels sengeeining på 6 senger ved HBE, i påvente av oppretting av ein palliativ sengepost med 12 senger fra 2023. I samband med dette må vi styrkje vår bemanning, og oppretter derfor 1 - 2 nye faste overlegestillingar.

Seksjon for smertebehandling og palliasjon er Noregs eldste tverrfaglege smerteklinikk og er organisert som ei eining under Kirurgisk serviceklinikk (KSK). Ein har eit godt samarbeid med anestesimiljøet ved sjukehuset, som er organisert i same klinikk.

Personalet ved seksjonen har lang erfaring og kompetanse med vurdering og behandling av pasientar med kompliserte, langvarige smertetilstandar på poliklinikk, pasientar med akutte smertetilstandar som er inneliggjande på sjukehuset og med palliative pasientar. Palliativt team vurderer og behandlar palliative pasientar som er innlagde i sjukehuset med samansette plagar. Teamet fungerer også som ei konsulenteining og gjev råd til både spesialist og kommunehelsetenesta. Seksjonen har også mykje undervising og opplæring av studentar og fagpersonell.

Palliativt team er eit breitt samansett team som består av legar, sjukepleiarar, psykologar, fysioterapeut, sosionom og sjukehusprest. Arbeidet er basert på tverrfagleg samarbeid for å løyse utfordringar kring palliative pasientar innlagd ved HUS. Palliativt team har p.t. 4 overlegestillingar, samt ei utdanningsstilling. Overlegane har ulik fagleg bakgrunn frå hhv. onkologi, lungemedisin, infeksjonsmedisin, gynekologi og gastrokirurgi. Det er også anestesilegar knytt til teamet.

Vi søkjer etter overlege med kompetanseområde palliativ medisin. Dersom søkjar ikkje har slik godkjenning, må ein seie seg villig til å delta i nordisk utdanningsprogram i palliativ medisin.

Stillinga vil inngå i vaktordning.  Ambulant teneste vil også kunne inngå i stillinga. Den som blir tilsett, vil saman med anna fagpersonell ved seksjonen få ei viktig rolle i den faglege og organisatoriske utviklinga av det palliative tilbodet i Helse Bergen.

Arbeidsoppgåver

  • Pasientretta arbeid i tett samarbeid med ulike avdelingar ved sjukehuset
  • Arbeide ved palliativ sengeeining ved HUS
  • Aktiv deltaking i tverrfagleg samarbeid kring tilviste palliative pasientar
  • Delta i vaktordning
  • Poliklinikk
  • Tilsyn til pasientar med utfordrande symptom og plager knytt til livstruande sjukdom
  • Rettleiing og konsulentteneste til helsepersonell internt i sjukehuset og til kommunehelsetenesta
  • Tett samarbeid med andre palliative einingar
  • Vurdering og tilvising av pasientar til andre palliative tilbod
  • Utvikling av fagleg kompetanse og kunnskap i lindrande behandling internt i sjukehuset, samt retta mot fastlegar og kommunehelseteneste
  • Undervising til ulike grupper studentar og fagpersonell
  • Rettleiing av LIS-legar og utdanningskanditatar i palliativ medisin
  • Det blir forventa noko reiseaktivitet og arbeidsoppgåver utanfor Haukeland sjukehus
  • Ein må også pårekne oppgåver knytta til dei andre funksjonane i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Lege med norsk autorisasjon som også er godkjend spesialist i relevant medisinsk spesialitet
  • Godkjenning innan kompetanseområdet palliativ medisin er ønskjeleg
  • Det skal innan kort tid etablerast eigen spesialitet for palliativ medisin, og vi ser det naturleg at den som blir tilsett i så fall tar denne utdanninga (Dette gjeld kun om du ikkje har godkjenning i kompetanseområde palliativ medisin)
  • Relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring frå det palliative fagområdet
  • Det er ein fordel med forskingsbakgrunn
  • Erfaring frå teamarbeid og tverrfagleg samarbeid blir lagt vekt på
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for fagfeltet og for tverrfagleg samarbeid
  • Gode samarbeidseigenskapar er viktig, som t.d. evne til å skape trygge og gode relasjonar internt i teamet og vis a vis andre samarbeidspartnarar
  • God fagleg vurderingsevne og evne til å arbeide strukturert og målretta
  • Gode evner til kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Du har evne til å vere lydhøyr overfor pasientar og pårørande som er i ein krevjande livssituasjon
  • Evne til å delegere og følgje opp arbeidsoppgåver, og til å motivere andre     

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå 

      

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Katrin Sigurdardottir
Tittel: Fagansvarleg overlege
Telefon: 93260266
E-post: katrin.rut.sigurdardottir@helse-bergen.no
Navn: Marte Pauline Skagseth
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 55974008
E-post: marte.pauline.skagseth@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Kirurgisk serviceklinikk/ Seksjon for smertebehandling og palliasjon, Helse Bergen
Haukelandsbakken 15
5009 Bergen
Søk på stillingen