Kort om arbeidsgiver

Er du ein lege som er klar for nye utfordringar? Vi startar opp ny avrusingseining i Bjørgvin fengsel, og vil ha deg med på laget. 

Helse Bergen, Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga består av ein stor LAR- seksjon, to poliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, både med samanslåing av døgnseksjonar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern og ny oppstarta tilbod med Heroinassistert behandling i LAR (HAB) og Avrusing i fengselet.

Avdeling for rusmedisin skal i samarbeid med Kriminalomsorgen og Bjørgvin fengsel starte opp ei avrusingseining i heilt nye bygg, lokalisert i Bjørgvin fengsel. Avdelinga skal bemannast med lege, sjukepleiarar og vernepleiarar som blir tilsett i AFR og som skal jobbe tett saman med fengselsbetjenter frå Bjørgvin fengsel. Avdelinga vil ha plass til totalt 6 pasientar og har planlagd oppstart våren 2022.
 
Det er no ledig ei 100 % stilling for lege i spesialisering, med 50 % arbeid knytta til avrusingseininga i Bjørgvin fengsel og 50 % på Seksjon Skuteviken (avrusing). På Seksjon Skuteviken vil man inngå i eit større medisinskfagleg miljø med ein seksjonsoverlege som har det overordna medisinskfaglege ansvaret både på Seksjon Skuteviken og i Bjørgvin fengsel. 

Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist
 
Vi søkjer etter engasjerte medarbeidarar som ønskjer å vere med å starte opp ein pilot i norske fengsel. Vi ønskjer medarbeidarar som er løysingsorienterte og motiverte for å etablere og utvikle ei ny eining. Pilotprosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen og Kriminalomsorgen. Per i dag har Avdeling for rusmedisin og Kriminalomgsorgen Region Vest allereie samarbeid om rusbehandlig i fengselet gjennom Stifinnar-tiltaket.  

Arbeidsoppgåver

  • Videre utarbeiding av rutiner og forløp
  • Etablering og utforming av posten
  • Medisinsk ansvarlig for avrusningsenheten i Bjørgvin fengsel
  • Deltaking i klinisk arbeid i posten når denne startar opp. 

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett må ha norsk autorisasjon
  • For søkjarar utan godkjend spesialitet er det nødvendig med godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS stilling i rus- og avhengigheitsmedisin
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring
  • Søkjar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg (Det blir kravd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Erfaring frå arbeid med avrusing er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å jobbe med pasientar med krevjande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
  • Vi ønskjer legar som kan arbeide sjølvstendig, men som søkjer råd ved behov, og som kan fungere godt i ei tverrfagleg arbeidsform
  • Legar i rus- og avhengigheitsmedisin bør ha interesse for eit breitt spekter av somatiske, rusmedisinske og psykiatriske sjukdomstilstandar og korleis desse verkar inn på kvarandre

Vi tilbyr

  • Rettleiing av erfarne overlegar
  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Stillingskategori
Offentlig lege
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Mai-Elin Lillevik Hagenes
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 91148461
E-post: menv@helse-bergen.no
Navn: Ingeborg Caroline Kaldestad
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 41456731
E-post: ingeborg.caroline.kaldestad@helse-bergen.no
Navn: Anette Fanebust Dregi
Tittel: Leiar
Telefon: 45413646
E-post: anette.fanebust.dregi@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin/ AFR Klinikken, Helse Bergen
Nye sandviksvei 84
5032 Bergen