Kort om arbeidsgiver
Bli fastlege i 8,2- avtale ved legekontoret i Hjelmeland kommune i Rogaland. Vi kan tilby ein spanande jobb med lite administrasjon, erfarne og effektive sjukeplaiarar som står klar for å hjelpe, varierte og overkommelege arbeidskvardagar og gode økonomiske vilkår.

Hjelmeland kommune har ledig fastlegeheimel ved Hjelmeland legekontor. Heimelen tek pasientar frå etablerte lister som skal reduserast og listestørrelse er 800 - 1000 etter avtale med dei to andre heimelsinnehavarane. Det blir ikkje krevd goodwill- betaling for lista.

Heimelen er ledig frå 01.02.2022. Tidspunkt for tiltreding kan avtalast.

Det er allereie to fastlegar, ein spesialist i allmennmedisin, ein under spesialisering i allmennmedisin, og ein LIS 1- lege ved legekontoret. Legekontoret er veldrevet, har fullt laboratorium og er bemanna med dyktige og erfarne sjukepleiarar. Kommunen står for drifta av legekontoret. Den enkelt fastlege inngår fastlegeavtale med kommunen. Basistilskot vert utbetalt til heimelsinnehavaren, og ein avtalar ein gunstig kompensasjon for leige av kontor og drift.

Legekontoret brukar EPJ systemet Infodoc Plenarios.

Lokalet er nyoppussa og moderne, og ligg i Helsehuset midt i Hjelmeland sentrum.

Helsehuset er og lokale for Helsestasjon, Fysioterapiavdelinga, Barnevern, avdeling Psykisk helse, Tilrettelagte tenester, Tannlegekontor og Nav. Det er eit godt etablert tverrfagleg samarbeid mellom dei ulike avdelingane i Helsehuset.

Praksisen skal drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstenestar, fastlegeforskrifta og annan relevant helselovgiving, på dei vilkår som framgår av ASA 4310, samt lokale føringar gitt av kommunen. Tildelinga av avtaleheimel vil skje på dei vilkår som framgår av ASA 4310. 

Se video her: Bli fastlege i Hjelmeland kommune! - YouTube

Ansvar og arbeidsoppgåver
- klinisk praksis på eiga liste med full refusjonsrett på kommunalt drive kontor, ordinær arbeidstid frå 08.00 - 15.30, fem dagar i veka, samt kollegial fråværsdekning
- i tillegg kjem 20% offentleg legeoppgåve, primært knyta til helsestasjon og veiledning av LIS 1- lege som inngår i kvardagen på legekontoret
- legevakt på dagtid, der vaktbelastning blir fordelt på alle legane i kommunen
- legevaktsarbeid utanom ordinær arbeidstid er i eit spannande interkommunalt samarbeid med Stavanger kommune (kommunedelane Finnøy og Rennesøy) og Kvitsøy kommune og utstrakt bruk av lege/ ambulansebåt. For tida 14- delt vakt med god beredskapsgodtgjersle

Kvalifikasjonar og vilkår
- den rette søkar må vere ferdig med LIS 1 tenesta innan oppstart
- det er krav om gyldig norsk legeautorisasjon og spesialisering i allmennmedisin må være påbegynt eller startast opp i samband med tilsetjinga
- erfaring frå allmennmedisin og spesialisering i allmennmedisin vil bli vektlagt
- førarkort er nødvendig
- god kommunikasjonsevne på norsk (B2 nivå), svensk eller dansk
- personleg eignaheit vil bli vektlagt
- søkjar må ha gode samarbeidsevner med kollegaer og vera fleksibel og løysningsorientert

Me tilbyr
- utfordrande arbeidsoppgåver i eit fagleg arbeidsmiljø med dyktige og trivelege kollegaer
- ein god fastlegeavtale
-  gode lønnsvilkår samt pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- me kan vera behjelpelege med å skaffe husvær

Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette.
Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnedsetting, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønskjer likevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune
Kontaktpersoner
Navn: Bjarte Sørensen
Telefon: 464 64 700
E-post: bjarte.sorensen@gmail.com
Navn: Camilla Haug Flem
Telefon: 40439050
Arbeidssted
Prestagarden 13
4130 HJELMELAND
Søk på stillingen