Kort om arbeidsgiver

Augeavdeling, Førde sentralsjukehus har ledig vikariat i 100% stilling for overlege (spesialist i oftalmologi) 

Augeavdelinga har 8 legestillingar, derav 3 LIS, optikar, ortoptist og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet i alle delar av augefaget, i tillegg til høg kirurgisk aktivitet.
Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar, og eit godt arbeidsmiljø. Les meir om Helse Førde.

Dersom det ikkje er relevante søkjarar på overlegestillinga, kan det bli ledig vikariat som LIS i 100% stilling i same periode. 

Førde som plass å arbeide og busetje seg kan du lese om her: Sunnfjord kommune

Arbeidsoppgåver

  • Stillinga inneber arbeid som overlege ved augeavdeling/poliklinikk.
    Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med 2 operasjonsstover. Her vert all kirurgi innan augefaget i Helse Førde utført.
  • I tillegg er det vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet.
  • Ein vil måtte ta del i vaktordning p.t. 5-delt heimevakt.
  • (Ved evt. søker som LIS vil ein måtte ta del i vaktordning p.t. 4-delt heimevakt.)

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon og godkjenning som spesialist i oftalmologi.
  • Vi ønsker søkjer med erfaring i auge-kirurgi, inkludert cataract-kirurgi, i tillegg til brei oftalmologisk kompetanse.
  • Relevant sjukehuserfaring
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå.Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
  • Dersom ein ikkje får søkjer på overlegestilling , søker ein LIS, helst med oftalmologisk erfaring

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Moderne utstyrspark
  • Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Odd Arne Standal
Tittel: Avdelingssjef
Telefon: (+47) 578 31 699
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Augeavdeling, Førde sentralsjukehus
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen