Kort om arbeidsgiver

Ortopedane ved Molde Sjukehus utvider staben med ein overlege, og vi ønskjer å ha med deg på laget vårt! 

Seksjon for ortopedi Molde Sjukehus har ledig ei overlegestilling innan ortopedisk kirurgi, i fyrste omgong i 2 år men med moglegheit for forlenging. Vi søkjer ein kollega med kompetanse og erfaring innan elektiv og akutt ortopedi. Har du spesiell kompetanse i ein subspesialitet og/eller interesse for forsking er ein fordel, men ikkje ei forutsetning. Stillinga er også eigna for nyutdanna, eller nesten ferdige spesialistar.

Oppstart snarast mogleg, eller etter avtale.

Seksjonen har 5 overlegar og 3 LIS3, og er ein del av Avdelingen for Kirurgi og Akuttmedisin, som tilbyr behandling i plastisk kirurgi, gastrokirurgi og urologi. Vi har store intensiv- og røntgenavdelingar, samt ei medisinsk avdeling med mange relevante subspesialitetar. Sjukehuset er traumesjukehus, ortopedien inngår i traumeteamet.

Molde Sjukehus har fylkesfunksjon i plastisk kirurgi, mikrobiologi og nevrologi.

Vi tilbyr eit bredt spekter av operative og konservative behandlinger innan ortopedi, herunder frakturer, hånd- og fotkirurgi inkl. diabetes føtter, ortogeriatri, hofteprotetikk, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd.  Spesielle satsingsområder er tverrfaglig behandling av kompliserte sår, og av eldre med bruddskader.

Vi har ein eigen ortopedisk vaktlinje. Med bakgrunn i vaktsamarbeid med Kristiansund i helgane er det ikkje helgevakter.

Helse Møre og Romsdals vil åpne eit nytt moderne felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal (SNR) i 2025, der seksjonane fra Molde og Kristiansund vil bli slått saman på Hjelset/Molde. SNR inkluderer også dagkirurgisk ortopedi i Kristiansund.

Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga!

Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsoppgåver som overlege i ortopedisk kirurgi
  • Bakvakt
  • Operasjon
  • Poliklinikk
  • Visitt
  • Rettleiing av underordnede kollegaer og medisinstudentar
  • Deltaking  i kvalitetsforbedringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Ortopedisk bakvaktkompetanse inkl. frakturkirurgi
  • Interesse / kompetanse i subspesialiteter som f.eks. artroskopi, protesekirurgi, fotkirurgi, infeksjonsortopedi, håndkirurgi er velkommen
  • Må beherske norsk skriftlig og muntlig
  • Medisinsk embetseksamen
  • Norsk autorisasjon som spesialist i ortopedisk kirurgi. Ved nesten ferdig utdanningsløp tilsvarende dokumentasjon av kompetansen

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner med pasienter, pårørande og andre tilsette
  • God evne til refleksjon over eigen praksis som lege
  • God evne til å gi og motta tilbakemeldingar
  • Evne og vilje til tverrfaglig samhandling
  • Må like varierte utfordringar
  • Personlig eignatheit, samt arbeidskapasitet og motivasjon blir vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jens M. Stutzer
Tittel: Seksjonsoverlege
Telefon: 71120000
Hjemmeside
Arbeidssted
Ortopediske legar Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillingen