Kort om arbeidsgiver

Kirurgiske legar Ålesund har ledig eit vikariat for lege i spesialisering frå 01.03.22 - 31.08.2022.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon, må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. 

Arbeidsoppgåver

  • Vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi og poliklinikk. Operasjon inngår i LIS2/3 vaktskift (delte vaktdøgn).
  • For tida 9-delt vakt

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Søkjar må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Å vere personleg eigna vert vektlagt
  • Strukturert
  • Engasjert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og erfarne kollegaer
  • Gode samarbeidsevne
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Valborg A. Bakke
Tittel: Seksjonsleiar Kirurgiske legar
Telefon: 70105167
E-post: Valborg.Anita.Bakke@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund