Kort om arbeidsgiver

Søkjer du ein enklare kvardag med nærleik til frisk luft og fjell? Men samstundes ynskje om å arbeide i eit spanande og utfordrande sjukehusmiljø?
Velkomen til Voss!
- Eit aktivt og engasjert bygdesamfunn, med kort veg både til fjells og til meir urbane tilbod.
 
Voss Føde- og gynekologisk avdeling søkjer etter ny legekollega.
Her møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium som alle har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen. I overgangen frå tidlegare ordning med faste vikarar er me framleis i ein spanande prosess med å forma vår eigen avdeling og arbeidskvardag.

Avdelinga består per i dag av 5 overlegar, og har ledig eit vikariat frå 14.03.22 til 31.12.22 og me har mål om å etablere oss med 6 faste overlegar så det er svært god moglegheit for forlenging. 

Vi søkjer deg som har brei erfaring innanfor generelle gynekologiske problemstillingar i poliklinikken og på operasjonsstova. Du må samstundes beherska fødselshjelp godt og trivast med vaktarbeid på fødegangen, samt poliklinisk oppfølging av risikogravide frå vårt distrikt. Arbeidsoppgåvene vil vere både innan fødselshjelp, gynekologi og oppfølging av nyfødde.

Vaktordninga er 5-delt med heimevakt på kveld og natt.

Det blir født kring 450 born på Voss i år. Og ved sida av å ha sett til at alt gjekk fint for seg med dei, har vi gjennomført kring 3000 polikliniske konsultasjonar og 300 operasjonar, der vi utfører dei fleste inngrep innanfor benign gynekologi. Vi har stor fokus på faglig utvikling og vi ventar at du har det samme.
Vi samabeidar tett med Kvinneklinikken på Haukeland. 

Generelt om Voss sjukehus:
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi.
Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar, fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.

Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjend gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset, og ein flott golfbane. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i gynekologi
  • Du må meistre norsk språk både skriftleg og munnleg
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø 
  • Du er bevisst eigne avgrensingar, ber om hjelp samt melder avvik om det oppstår
  • Du har engasjement for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Det blir lagt vekt på relevant yrkeserfaring og klinisk erfaring 

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og forståeleg overfor pasientar og andre samarbeidspartnarar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeidar strukturert og målretta på jobb
  • Du etablerer gode samarbeidsrelasjonar til alle nødvendige yrkesgrupper
  • Du har oversikt over eigne oppgåver, også under skiftande omstende. Kan delegere og følgje opp delegerte oppgåver 

Vi tilbyr

  • Vi har eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom Helse Bergen og Dnlf
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Voss sjukehus vil kunne hjelpe med passande bustad
  • Voss har ei sterk identitet som ei kultur- og naturbygd, og tek vèl i mot nye innbyggjarar


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Birte Toft Haugland
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 56 53 35 00
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16
5704 VOSS