Kort om arbeidsgiver

Vil DU bli vår kollega?

Vi har no ledig fast stilling for lege i spesialisering - utdanningsløp innanfor urologisk kirurgi. Tilsetjing etter nærare avtale. 

Kristiansund sjukehus er godkjent for 1,5 år innan utdanningsløpet i urologisk kirurgi. Tentativ plan for gjennomføring av utdanningsløpet utarbeides ved tiltredelse av stillingen. Avdeling for kirurgi ved Kristiansund sjukehus består av ortopedi, urologi, poliklinikk, dagkirurgi, operasjon og sterilsentral, anestesi, logistikk og kontor. Avdelinga har òg eigen forskingseining. Ved avdelinga arbeider 10 overlegar/spesialistar og 6 legar i spesialisering. Urologisk seksjon har 3,5 overlegestillingar i 5 døgns-drift på sengepost, med 3-delt vakt på vekedager. Den har òg ein veldreven urologisk poliklinikk med moderne utstyr, og utfører avansert steinbehandling i tillegg til alle generelle urologiske inngrep. Seksjonen har òg 1,5 uroterapeutstillingar og moderne utstyr for urodynamiske undersøkingar.

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. 

Visste du dette om Kristiansund?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Delta i vaktordning etter gjeldande arbeidsplan
  • Behandle og følgje opp pasientar både poliklinisk, dagkirurgisk og inneliggande pasientar
  • Delta i operativ virksomhet
  • Bidra i rettleiing av LIS1

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført og godkjent LIS del 1/ turnusteneste
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert og engasjert
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du har gode evner til kommunikasjon med pasientar og kollegaer
  • Du liker å arbeide sjølvstendig og klarer å ta eigne avgjerder

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kirsti Sevaldsen
Tittel: Seksjonsleiar
E-post: Kirsti.Sevaldsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Kirurgiske legar Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlens vei 1
6508 Kristiansund
Søk på stillingen