Kort om arbeidsgiver
Det er ikkje utan grunn at The Times utropte Ålesund til Norges vakraste by for nokre år tilbake. Ålesund vil du bli fascinert av! Jugendstilen gir byen eit særpreg ingen andre byar i Norge har. At Ålesund i tillegg ligg ved utløpet av fjordane på Sunnmøre, er fordelt over fleire øyer og er omkransa av eit panorama av fjord og fjell, er heller ikkje ei ulempe.
Å rusle rundt i Ålesund er sjelebot for einkvar, enten det fristar med ein shoppingrunde eller berre det å kunne sette seg på kaikanten og nyte ferske reker.  
Det er kort veg til flotte turar i Sunnmørsfjella, sommar som vinter. Her vil du trivast! Sjå meir om byen og regionen vår her: https://no.visitalesund.com/

Avdeling for patologi er lokalisert ved Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal og er ei av fem avdelingar i klinikk for diagnostikk. Vi er kjent for god service med høg fagleg kompetanse innan generell patologi og har i dag tre overlegar og fire LIS-legar. Patologi leverer tenester til både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal med rundt 270 000 innbyggarar. Avdelinga er godkjent for 4 år av LIS-utdanning i patologi.
Vil du vere med på vinnerlaget for å skape ei framifrå helseteneste for pasientane våre i eit spennande fagmiljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg! 

Avdelinga har ledig eit års vikariat for lege i spesialisering, med høve til forlenging. Tilsettingsdato etter nærare avtale med avdelingsleiinga.

 

Attester og vitnemål må skannast inn som vedlegg til CV. 

Arbeidsoppgåver

  • Diagnostikk av biopsiar, operasjonspreparat og cytologiske prøver
  • Obduksjonar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisajon som lege.
  • Godkjent LIS1 eller anna teneste som er godkjent erstatning for dette.
  • Må mestre norsk, eller eit skandinavisk språk (svensk/dansk) godt, både muntleg og skriftleg
  • Kunnskap og ferdigheit innan faget blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Kunne arbeide sjølvstendig
  • Vilje til å medverke til eigen og andre sin kompetanse
  • God arbeidskapasitet
  • Trivast i eit aktivt miljø
  • Medvirke til et godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar som passar stillinga vil bli vektlagt          

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr eit godt og åpent arbeidsmiljø.
  • Friheit under ansvar og høve til individuelt tilpassa arbeidstid
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst og arbeidsreglement
  • Gode pensjons og velferdsordningar
  • Det er ikkje vaktordning i avdelinga
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Erik Tødenes
Tittel: Klinikksjef
Telefon: 900 58 631
E-post: Per.Erik.Todenes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Patologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen