Kort om arbeidsgiver
Me har ledig
100 % stilling som kommuneoverlege/fastlege frå snarast.

Kommuneoverlegerolla vil utgjera 50 % stilling og 50 % stilling som fastlege for ei liste med tak på ca. 400 pasientar.
Stillinga er knytt til legesenteret i Vik med 5 faste stillingar og 1 turnuskandidat. 4 av stillingane er fastlønna og 1
privatpraksis.
Kommunen er eige vaktdistrikt med 5-6 delt vakt.

Arbeidsoppgåver
Medisinsk faglig rådgiver for kommunen ut fra folkehelselova, helse- og omsorgslova og anna relevant lovverk.
Folkehelsearbeid, miljøretta helsevern og smittevern.
Oversikt og analyse over helsetilstand. Kommuneoverlegen skal ha oversikt over helsetilstanden i kommunen og kva som påvirker den.
Delta i kommunens helsemessige beredskap.
Planlegging, utvikling og driftsoppgaver i tilknytning til ansvars- og arbeidsområdet.
Bidra til god samhandling mellom den kommunale helse- og omsorgstjenesta og spesialisthelsetjenesta.
Kvalitetssikring og tilsyn, rådgiving i forbindelse med klagehåndtering.
Kommuneneoverlegen er fagleiar for helseavdelinga som omfatter legetenester, fengselshelsetenester og psykologtenester.
Fastlege for ei liste med listetak på ca. 400.
Deltaking i vakt.

Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som lege.
Det er ynskjeleg med spesialitet i samfunnsmedisin og/eller allmenmedisin.
Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg.
Evne til å jobba sjølvstendig.
Søkjarar som ikkje har spesialitet innan samfunnsmedisin må forplikte seg til å fullføre spesialisering etter tilsetjing.
Relevant erfaring.

Personleg eigenskapar
Ved tilsetjing vil ein legge vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevne.

Løns- og tilsetjingsvilkår
Løn etter avtale.
Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Fridagar som kompensasjon for vaktordning.
Godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt.
Krav om politiattest ved tilsetjing.

Andre opplysningar
Søkjaren må ha førarkort for bil.
Kommunen vil hjelpa til med å skaffa bustad.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Stillingskategori
Kommunal lege
Arbeidsgiver
Vik kommune
Kontaktperson
Navn: Hildegard Valland
Tittel: Kommunalsjef helse og omsorg
Telefon: 47264660
E-post: hildegard.valland@vik.kommune.no
Hjemmeside
Arbeidssted
,
6893 VIK I SOGN
Søk på stillingen