Kort om arbeidsgiver

Medisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus har 15 overlegestillingar, 16 LIS 2/3-legestillingar og 8 LIS 1 i normal drift. Avdelinga har to sengepostar med 26 og 15 sengar, dialysepost, poliklinikk og eigne sengar i interdisiplinær intensiv/overvakingseining. Akuttmottaket tilhøyrer også medisinsk avdeling. Avdelinga er for tida godkjent som utdanningsinstitusjon innan nyre-, hjarte-, lunge,- og mage-tarm-sjukdommar og har eit aktivt læringsmiljø innan alle fagfelta. Akutt-og mottaksmedisin er under oppbygging som spesialitet. Helse Førde etablerer stegvis Nye Førde sjukehus. Sengepostbygget er planlagt ferdig i 2024. Les meir om Helse Førde.

Ved medisinsk legeteneste, Førde sentralsjukehus, er det ledig fast stilling som overlege innan nefrologi og endokrinologi. 

For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon.
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.

Førde som plass å arbeide og busetje seg kan du lese om her: Sunnfjord kommune

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene for nefrolog er knytt til poliklinisk verksemd, dialysepost og sengepostarbeid. Nefrologane har fagansvar for satelittdialyse på Nordfjord (NSH) og Lærdal sjukehus (LSH) og har ambuleringsdagar dit. 
  • For endokrinolog er det hovudvekt på poliklinisk arbeid, men noko sengepostarbeid kan vere aktuelt. Ambulering til NSH og LSH vil vere aktuelt. 
  • Vaktarbeid innan generell indremedisin er aktuelt for overlegar med denne spesialiteten.
  • Det er høg samla kompetanse i avdelinga og eit breitt indremedisinsk legekollegium. 

Kvalifikasjonar

  • Vere spesialist i nefrologi eller endokrinologi. 
  • Å vere spesialist i indremedisin er ein fordel, men ikkje eit krav. 
  • Ha erfaring frå relevant klinisk arbeid knytt til aktuell spesialitet. Må kunne vere rettleiar for legar i spesialisering
  • Det er ein fordel å ha kjennskap til pasientsystemet DIPS 

Personlege eigenskapar

  • Vere lett å samarbeide med og trivast med tverrfagleg arbeid
  • Kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Støttande, aktivt og trygt arbeidsmiljø
  • Høve til å drive utvikling av "Pasientens helseteneste"
  • Førde som ein god, familievennleg og kulturell plass med flott natur
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Løn etter tariff og individuell avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Språk

  • Norsk
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Førde HF
Kontaktperson
Navn: Hildur Thingnes
Tittel: Seksjonsleiar medisinsk legeteneste FSS
Telefon: (+47) 578 39 317
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Hjemmeside
Arbeidssted
Medisinsk avdeling, Helse Førde
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillingen