Kort om arbeidsgiver
Ønskjer du ein ryddig 8-16-jobb i eit ivaretakande og triveleg arbeidsmiljø, der latter og gode smil aldri er langt unna?
Kanskje treng du å jobbe litt redusert medan barna er små? Her ved BUP Kristiansund har vi gode tilpassa arbeidsdagar, med meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver for deg som har lyst til å hjelpe barn og ungdom med psykiske utfordringar.

 Poliklinikken i Kristiansund har ledig fast stilling for lege i spesialisering frå snarast, etter nærare avtale med seksjonsleiar.

Vi er eit breidt og kompetent arbeidsfellesskap, som saman arbeider fram, eit både helheitleg og spissa utgreiings- og behandlingstilbod for barna og familiane som treng det mest. 

Arbeidsoppgåver

  • Som lege i spesialisering vil du arbeide variert med ulike arbeidsoppgåver, slik at du kan opparbeide deg den kunnskapen og erfaringa som trengs for å bli ein kompetent spesialist. 
  • Sentrale arbeidsområder er utgreiing, medisinering, terapi, vegleiing av føresette og vegleiing av samarbeidande instansar. 

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer primært etter deg som ønskjer å bli spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, men også andre legar er velkomne til å søkje, t.d. legar som spesialiserer seg innen allmennmedisin.
  • Fullført LIS 1 eller turnusteneste etter gammal ordning.
  • For å kunne gjere ein god jobb må du mestre norsk (eller ev. svensk/dansk) svært godt.

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjonelle eigenskapar. Dette betyr evne til å kome i kontakt med andre, kommunisere godt og framstå som ein trygg og kompetent vaksen.
  • Ha evne til tilpassing. I eit større fagmiljø der vi arbeider tett med kvarandre, har ulik utdanning og saman skaper det produktet  pasienten har behov for, treng vi fleksible, konstruktive menneske som arbeider godt saman med andre.
  • I tillegg ønskjer vi oss ein nysgjerrig, glad og kunnskapsrik kollega.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Kjell Åsmund Bryn
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71217550
E-post: kjell.asmund.bryn@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Sykehusgata 2
6508 Kristiansund