Kort om arbeidsgiver
Kort om stillinga:
Vi har ledig fast 100 % stilling som kommunalt tilsett ALIS - lege i Alver kommune. 

Om stillinga
Den ledige stillinga som ALIS - lege er nyoppretta, og tilknytta Knarren legesenter. 

Knarren legesenter er lokalisert i Helsehuset i Knarvik. Vi har store og moderne lokaler som er godt innreia med kommunalt utstyr, og tilgjengeleg parkering i gåavstand frå kontoret. Det er tilsett 2 fastlegar ved Knarren legesenter, som har godt internt samarbeid og arbeidsmiljø. Det er og fagleg dyktig hjelpepersonell i form av sjukepleiar og helsesekretær tilsett ved kontoret. Helsesekretæren fungerer og som driftskoordinator på kontoret, og bidrar til eit godt organisert kontor med tverrfagleg arbeidsmiljø. Vi brukar for tida Infodoc journalsystem i arbeidet.

Alver kommune ligg nord for Bergen, med korte ca 35 minuttar kjøretid til Knarvik som er kommunesenteret i Alver. Helsehuset (RNH) i Knarvik vart innflytta våren 2021, og det er mange kommunale- og spesialisthelsetenester samla under eitt tak, blant anna Nordhordland legevakt og ambulansestasjon.

Alver kommune er godkjent utdanningsverksemd med avtale med spesialisthelsetenesta. Det vil være veiledning under ALIS forløpet.

Arbeidsoppgåver
Arbeid som fastlege, med pasientliste som gradvis vert auka opp til 900 pasientar.

Den som vert tilsett deltek i interkommunal legevakt (Nordhordland legevakt) på kveld , helg og natt, og offentleg allmennmedisinsk legearbeid kan påreknast 7,5 time for veka.

Kompetansekrav
  • Norsk autorisasjon som lege
  • Fullført LIS 1 ved oppstart
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg 
  • Du må være vaktkompetent
Personlege eigenskaper
Vi søkjer ein lege som har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling. Du er løysingsorientert og kan handsame akutte situasjonar på ein god måte. Vi ser etter ein lege som kan samarbeide godt med pasientar i alle aldersgrupper. Du er motivert for å ta spesialisering innan allmennmedisin, og ser for deg ein framtidig karriere innan dette fagfeltet. 

Vi tilbyr
  • Spennande og variert arbeidskvardag
  • Veiledning under ALIS forløpet
  • Godt fagmiljø i regi av avdelingsleiar/tenesteleiar for legetenesta.  
  • God pensjonsordning som kommunalt tilsett
  • Løn etter avtale
Politiattest
I tråd med gjeldande lovverk vert det stilt krav om politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad" på denne siden. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktpersoner
Navn: Bente Karin Bø Taule
Telefon: +47 47459725
Navn: Tord Moltumyr
Telefon: +47 95118589
Arbeidssted
Kvassnesvegen 48
5914 ISDALSTØ