Kort om arbeidsgiver
Sunnfjord kommune har 4 legesenter med Skei, Naustdal, Sande og Førde som lokasjonar.

Vi har ledig følgande fastlegeheimel:
  • Fastlegeheimel på Sande
På Sande jobbar 4 fastlegar og ein LIS1 –lege. Det er 3 årsverk hjelpepersonell på legekontoret. Heimelen er ledig frå 1. mars 2022. Det er 1000 pasientar på denne lista per no, men vi ynskjer å redusere denne lista noko. Kommunen kan tilplikte inntil 7,5 timar kommunalt arbeid per veke.
  • Fastlegeheimel på Skei, vikariat
På Skei jobbar 3 det fastlegar og ein LIS1 –lege. Det er 2,6 årsverk hjelpepersonell på legekontoret. Vi har ledig vikariat frå 1. mars 2022. Varigheit på vikariatet er eitt år med moglegheit til forlenging. Det er 780 pasientar på denne lista. Til stillinga ligg det og 10% kommunalt arbeid på helsestasjonen.
  • Fastlegeheimel i Naustdal, vikariat
I Naustdal det jobbar 4 fastlegar og ein LIS1 –lege. Det er 3,5 årsverk hjelpepersonell på legekontoret. Vi har ledig vikariat frå 1. april 2022. Varigheit på vikariatet er eitt år. Det er 400 pasientar på denne lista. Til stillinga ligg det og 10% kommunalt arbeid på helsestasjonen. Sidan dette er ei lita pasientliste kan vi tilby kurativ verksemd på anna legekontor i kommunen eller auka kommunal bistilling.

Dei fleste fastlegane jobbar som sjølvstendig næringsdrivande med 0-avtale. Vi kan og tilby fastlønsavtale. Vi er stolte av eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og hjelpepersonell. Vi nyttar per no Infodoc og System x som journalsystem.

Kommunen deltek i eit interkommunalt legevaktsamarbeid med 5 kommunar. Legevakta ligg i eigne, nye lokale ved sjukehuset og har ansvar for legevakt, KAD-senger og legevaktsentral. Legevakta er fullt bemanna med hjelpepersonell heile døgnet og det er til ei kvar tid to legar til stades på vakt. Begge er fastløna med gode vilkår i 22-delt vakt.

Det vil ved tilsetting bli lagt vekt på at søkarane er personleg eigna, kan vise til gode samarbeidsevner og snakka og skriv godt norsk.
Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Du må søke elektronisk.
 
Velkommen som søkar!
 
Kontaktpersonar:
Sande:
Knut Erik Folland (einingsleiar) mobil 91882662
kef@sunnfjord.kommune.no
Kjetil Hatteland (medisinsk fagleg ansvarleg lege) mobil 95922788
kjetil.stromo.hatteland@sunnfjord.kommune.no
Skei:
Knut Erik Folland (einingsleiar) mobil 91882662
kef@sunnfjord.kommune.no
Anders Rosø (medisinsk fagleg ansvarleg lege på Skei) mobil 93465098
Anders.roso@sunnfjord.kommune.no
Naustdal:
Knut Erik Folland (einingsleiar) mobil 91882662
kef@sunnfjord.kommune.no
Arne Bjørnetun (medisinsk fagleg ansvarleg lege i Naustdal) mobil 97574480
arne.bjornetun@sunnfjord.kommune.no
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Sunnfjord kommune
Arbeidssted
,
6802 FØRDE