Kort om arbeidsgiver
Kort om avtalen og kontoret
Alver kommune har ledig fastlegeavtale knytt til deleliste ved Helsenaustet legepraksis.  Legekontoret er eit av 8 legekontor i kommunen. Grunna alder ønskjer ein av våre erfarne fastlegar å etablere deleliste frå 1. april 2022, for endeleg avgang i august 2025. Lista er for tida på omlag 900 pasientar.

Helsenaustet legepraksis ligg på Frekhaug, og har i dag tre fastlegar, og to årsverk som hjelpepersonell. Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legane har sjølv ansvar for lokalar, hjelpepersonell, drift og utstyr. Praksisen nyttar Infodoc journalsystem, i avtale med kommunen. 

Vilkår og kompetanse
Ny heimelshavar må inngå avtale med eksisterande heimelshavar om vilkår knytt til overtaking og drift av praksien. Ved etablering av delelista er det forventa rundt 50% kurativt arbeid, med auke fram til 2025. Det er mogleg å leggje til rette for kommunal bistilling innan offentleg allmennmedisinsk arbeid. Ønskje om slik stilling bør opplysast om i søknaden.

Du må norsk autorisasjon som lege, og ha rett til refusjon frå Helfo. Det er ønskjeleg med erfaring frå fastlegepraksis. Viss du ikkje er spesialist i allmennmedisin er det krav om at du gjennomfører utdanningsaktivitetar som fører fram til spesialistgodkjenning. Alver kommune er godkjend av Helsedirektoratet som utdanningsverksemd. Kommunen vil legge til rette for spesialistutdanning, og utarbeide ein individuell utdanningsplan i samarbeid med heimelshavar og rettleiar.

Den som får heimelen må ta del i kommunen si legevaktordning. Interkommunal legevakt er lokalisert i Knarvik. 

Personlege eigenskapar:
Vi ønskjer deg som er glad i variert allmennpraksis, og som ønskjer å vere ein stabil ressurs for pasientar og medarbeidarar. Du må kunne samarbeide med både legane og hjelpepersonellet, og delta i gjensidig fråversdekning ved legekontoret. Personlege eigenskaper vert derfor tillagt stor vekt. Du må ha god norsk språkutøving og kulturforståing.

Vi tilbyr
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, dyktige medarbeidarar og ein arbeidsplass der det er fokus på eit fagleg godt tilbod.
Vilkår for fastlegeavtale elles går fram av sentralt avtaleverk.
 
I tråd med helse - og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du
Trykk knappen "send søknad" på denne siden. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Alver kommune
Kontaktpersoner
Navn: Bente Karin Bø Taule
Telefon: +47 47459725
Navn: Grete Wold
Telefon: +47 90794915
Arbeidssted
Helsenaustet legepraksis
Havnevegen 3
5918 FREKHAUG