Kort om arbeidsgiver

Ønskjer du ein ryddig 8-16 jobb, i eit ivaretakande og triveleg arbeidsmiljø? Kanskje treng du å jobbe litt redusert medan barna er små? Her ved BUP Molde kan vi tilby godt tilpassa arbeidsdagar med meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver.  

Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utredningseining (sengepost i Ålesund) og ei familieeining i Molde.
BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. BUP Molde har ei stabil og god bemanning av overlegar og kan gi LIS-legane god oppfølging, undervisning og rettleiing. Det blir underteikna ein individuell utdanningsplan ved tilsetting.
Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve.

Poliklinikken BUP  i Molde har no ledig ei fast stilling og eit vikariat for lege i spesialisering. Oppstartsdato etter nærare avtale med seksjonsleiar.  
Stillingane er knytt til team som arbeider med barn og unge i alderen 6-18 år.

Om du søkjer både på fast  stilling og vikariat, ber vi om at du skriv det i søknaden. Vi ber også om at attestar og tenestebevis frå ev. tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad

Arbeidsoppgåver

  • Som lege i spesialisering vil du ha varierte arbeidsoppgåver, slik at du kan opparbeide deg den kunnskapen og erfaringa som trengs for å bli ein god spesialist
  • Sentrale arbeidsoppgåver er utgreiing, medisinering, terapi, rettleiing av føresette og eksterne samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga, eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Svært gode norskkunnskapar (ev. svensk eller dansk) både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du bør ha evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Vi ønsker oss ein tilsett som vil bidra i seksjonen si fag- og organisasjonsutvikling
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eiga arbeidskvardag

Vi tilbyr

  • Rettleiing av spesialist ein gong i veka
  • Strukturert utdanningsstilling med deltaking i lokal og regional undervisning
  • Individuell utdanningsplan ved tilsetting
  • Vanleg dagarbeidstid 0800 -1600.
  • Løn etter overeinskomst
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Og på fritida:

Molde er kjent som Rosenes by, og også som jazzen og kulturen sin by. 
Byen og området rundt er også eit eldorado for den som er glad i natur og i idrett: Området kan friste med gode forhold for fjellturar, klatring, skigåing/alpint om vinteren og til dømes golf, seglng og padling i sommarhalvåret. Byen er barnevennleg med nærleik til skular, barnehagar og ulike fritidstilbod. Frå Molde lufthavn Årø går det fleire daglege flyavgangar til Oslo - og også internasjonale ruter. Byen har i løpet av dei siste åra fornya seg, mellom anna med ny sjøfront der ein finn fleire spennande kaféar og restaurantar.

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Hilde Sivertsen
Tittel: Seksjonsleiar
Telefon: 71217485 / 99245684
E-post: Hilde.Sivertsen@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedsvegen
6412 Molde