Kort om arbeidsgiver
100 % stilling, ledig frå 28.02.22, eventuelt seinare etter avtale. Kandidat som ikkje blir innstilt til fast stilling, kan få tilbod om vikariat i 6-12 måneder.

Ålesund interkommunale øyeblikkeleg hjelpavdeling (ØHD) held til ved Ålesund lokalmedisinske senter, rett ved sida av Ålesund sjukehus. ØHD-avdelinga tek imot ferdig avklarte pasientar frå fastlege, legevakt og akuttmottak/sjukehus. Avdelinga er eit interkommunalt tilbod.

Stillinga er i kombinasjon med andre kommunale legetenester og inneber arbeid på daglegevakt og sjukeheim/evt. helsestasjon, i tillegg til ØHD og overgrepsmottak. Ein kan tilpasse stillinga noko ut i frå interessefelt. Stillinga inneber deltaking i beredskapsvaktordning.  

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver er blant anna:
  • Vurdere mottak av pasientar etter henvisning frå fastlege, legevaktslege og legar ved akuttmottaket ved Ålesund sjukehus.
  • Inn- og utskriving samt klinisk legearbeid i høve til pasientar med gjennomsnittleg liggetid på 3 dagar.
  • Sjukeheimslege, eventuelt anna arbeid etter avtale.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som lege.  
  • God kunnskap om norsk lovverk.  
  • Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid i avdelinga med fokus på pasientsikkerhet.
  • Gode norskkunnskaper munnleg og skriftleg.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.  
  • Evne til å jobbe i team og sjølvstendig.   
  • Personleg eignatheit for stillinga vil bli lagt stor vekt på.
Personlege eigenskapar
  • Å vere personleg eigna for stillinga vil verte lagt stor vekt på.
  • God arbeidskapasitet og trives med høyt arbeidstempo.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer.
  • Kunne arbeide i tråd med yrkesetiske retningslinjer for leger.
Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivelige arbeidskollegaer.
  • Spanande, varierende og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • God turnusordning mtp. vaktarbeid.
  • Fagutvikling via vekesmøter, internundervisning og kursing. 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Ålesund kommune
ØHD (KAD)
Kontaktpersoner
Navn: Henning Pilskog
Tittel: Verksemdsleiar
Telefon: 414 28 558
Navn: Alexander Wiig
Tittel: Medisinsk fagsjef/overlege
Telefon: 986 54 494
Navn: Sindre Erstad
Tittel: Avdelingsleiar
Telefon: 958 55 960
Arbeidssted
Legetenester og akutt helseberedskap
Åsesvingen 16
6017 ÅLESUND