Kort om arbeidsgiver
Omtale av stillinga
Ein av våre kommunalt tilsette fastlegar skal ut i svangerskapspermisjon. Av den årsak har me eit
ledig vikariat ved Rosendal helsesenteret med listetak på 900 pasientar i veldrevet praksis.
Ved Rosendal helsesenter arbeidar i dag fem fastlegar og ein LiS i eit kontorfellesskap med til saman
eit listetak på 4 050 pasientar, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. To fastlegar har
økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Helsesenteret har eige laboratorium og
bioingeniør i 80 % stilling.

Stillinga er på 100% med fast lønn pluss 30% av trygderefusjonar. Det er ikkje tilplikta offentlege
oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt. Stillinga inneber deltaking
i legevaktordning med fastlønn. Kommunen kan legger til rette for veiledning.

Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 17 fastlegar i kurativ teneste.
I tillegg har kommunen ein stilling for LiS1, to sjukeheimslegar i totalt 160% stilling og kommuneoverlege
i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av
legane har 8 - 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste. Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og
omsorgstenesta.
Vaktordninga er for tida 11-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og
helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen. Ambulansetenesta høyrer til
i Helse Fonna og Stord og Odda er lokalsjukehus med ØH-funksjon.
Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og
kollegialt fellesskap i legegruppa. Der er vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt og tett
samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste. Organisert smågruppetrening gjev teljande
poeng for spesialisering og vedlikehald for spesialistar i allmennmedisin.

Kommunen har etablert ein frisklivsentral og har tilsett folkehelsekoordinator.

Kvalifikasjonar
For stillinga søkjer vi lege som har:
• norsk autorisasjon
• fullført turnuspraksis/LiS1-praksis i allmennmedisin. Det er en fordel å være under
spesialisering eller ferdig spesialist
• svært gode norskkunnskapar
• gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
Personlege eigenskapar, kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge
vil verta vektlagt.
Søkjar må ha førarkort for bil.
Vikariatet er i perioden februar 2022 – februar 2023.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Kvinnherad kommune kan vera behjelpeleg med å skaffa bustad, samt flytting vert betalt etter
gjeldande reglar.

Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune
Kontaktpersoner
Navn: Trygve B Torjusen
Tittel: Daglig leiar og fastlege
Telefon: 90184194
E-post: trygve.torjusen@kvinnherad.kommune.no
Navn: Irina Zimina
Tittel: Einingsleier
Telefon: 488 94 055
E-post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Navn: Glenn A. Opland
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 977 09 308
E-post: glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
Arbeidssted
Rosendalsvegen 10
5470 ROSENDAL
Søk på stillingen