Kort om arbeidsgiver
Klinikk for diagnostikk er organisert på tvers med einingar på alle fire sjukehusa i fylket og består av fem avdelingar. Disse er Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Avdeling for radiologi Molde og Kristiansund, Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk biokjemi og Avdeling for medisinsk mikrobiologi.

 Vil du vere med å utvikle framtida sine helsetenester saman med oss i Helse Møre og Romsdal? Klinikk for Diagnostikk - Avdeling for Radiologi Ålesund og Volda har ledig stilling som avdelingssjef
Radiologi Ålesund og Volda har modaliteter innan generell røntgen, CT, MR og UL. I Ålesund har vi i tillegg angio/intervensjonslab og nylig starta opp med EVAR, nukleærmedisin med PET/CT og SPECT og brystdiagnostisk senter. Klinikken og avdelinga er inne i en spanande utviklingsperiode der ein skal skifte fleire modaliteter, ta i bruk nye modaliteter (som t.d. PET/CT) samt satse på forsking og kunstig intelligens.
Avdelinga har 16 overlegestillingar og 9 LIS. I tillegg er det 79 stillingar i Ålesund og Volda som består av radiografar, bioingeniørar, fysikarar, hjelpepleiarar og merkantilt personale.
Vil du vere med på vinnarlaget for å skape helsetenester for pasientane våre, i eit spannande miljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!


Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar
både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast!
Sjå også: https://www.visitmr.com/sunnmore

Arbeidsoppgåver

  • Leiaransvar for avdelinga, inkludert ansvar for personale, økonomi, HMS og drift
  • Samarbeide med dei andre avdelingane i klinikken, andre sjukehusinterne klinikkar og eksterne aktørar
  • Gjennomføre og utvikle klinikkens og sjukehusets målsettingar
  • Rekruttering
  • Medlem av klinikkleiinga ved diagnostikk
  • Andre oppgåver delegert frå og definert av klinikksjef
  • Du må rekne med reiseverksamheit mellom avdelingane i Ålesund og Volda, og dei andre sjukehusa i fylket i samband med møteverksamheit i klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiolog eller nukleærmedisinar med brei erfaring og kompetanse
  • Relevant utdanning innan leiing og administrasjon er ønskelig

Personlege eigenskapar

  • Leiareigenskap og interesse for leiing
  • Interesse for faget og utvikling av dett
  • Motivert og framtidsretta
  • Strukturert og løysningsorientert
  • Omstillingsevne
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåve
  • Evne til å jobbe i team
  • Høg arbeidskapasitet og tåler høgt arbeidstempo i periodar.
  • Gode samarbeidsevner og personlege eigenskaper vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit høgt faglig miljø
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst og arbeidsreglement
Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Erik Tødenes
Tittel: Klinikksjef
Telefon: 90058631
E-post: Per.Erik.Todenes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen