Kort om arbeidsgiver

Seksjon for radiologiske legar er organisert under Avdeling for radiologi Ålesund og Volda som er en del av Klinikk for diagnostikk. Klinikken er organisert på tvers og har radiologiske einingar på alle fire sjukehusa i fylket. Einingane i Molde og Kristiansund er organisert under Avdeling for Radiologi Molde og Kristiansund. I tillegg har klinikken Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk biokjemi og Avdeling for medisinsk mikrobiologi.

Vil du vere med å utvikle framtida sine helsetenester saman med oss i Helse Møre og Romsdal? Avdeling for radiologi Ålesund og Volda har ledig stilling som seksjonsleiar radiologiske legar.
Radiologi Ålesund og Volda har modaliteter innan generell røntgen, CT, MR og UL. I Ålesund er det i tillegg angio/intervensjonslab og nylig starta opp med EVAR, nukleærmedisin med PET/CT og SPECT, samt brystdiagnostisk senter. Avdelinga er inne i en spanande utviklingsperiode der ein skal skifte fleire modaliteter, ta i bruk nye modaliteter (som t.d. PET/CT) samt satse på forsking og kunstig intelligens. Seksjonen har 16 overlegestillingar og 9 LIS.  

Vil du vere med på vinnerlaget for å skape helsetenester for pasientane våre, i eit spannande miljø? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!

Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar
både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast!
Sjå også: https://www.visitmr.com/sunnmore

Arbeidsoppgåver

  • Leiaransvar for radiologiske legar, inkludert ansvar for personale, økonomi, HMS og drift
  • Samarbeid med seksjonsleiarar radiologi Ålesund og radiologi Volda
  • Samarbeide med dei andre avdelingane i klinikken, andre sjukehusinterne einingar og eksterne aktørar
  • Utvikle seksjonen
  • Rekruttering
  • Medlem av avdelingsråd Radiologi Ålesund og Volda
  • Andre oppgåver delegert frå og definert av Avdelingssjef radiologi Ålesund og Volda
  • Du må rekne med reiseverksamheit mellom avdelingane i Ålesund og Volda

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som radiolog eller nukleærmedisinar med brei erfaring og kompetanse
  • Relevant utdanning innan leiing og administrasjon er ønskelig

Personlege eigenskapar

  • Leiareigenskap og interesse for leiing
  • nteresse for faget og utvikling av dette
  • Motivert og framtidsretta
  • Strukturert og løysningsorientert
  • Omstillingsevne
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Evne til å jobbe i team
  • Høg arbeidskapasitet
  • Gode samarbeidsevner og personlege eigenskaper vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit høgt faglig miljø
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande overeinskomst og arbeidsreglement
Stillingskategori
Seksjonsleder
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Erik Tødenes
Tittel: Klinikksjef
Telefon: 90058631
E-post: Per.Erik.Todenes@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Søk på stillingen