Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledige 3 faste stillingar for
lege i spesialisering i augesjukdomar frå 31.01.2022.  

Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er knytta til Universitetet i Bergen, og forsking og utviklingarbeid står sentralt i vår verksemd. Avdelinga har stor breidde i si verksemd og vi greier ut og behandlar alle kategoriar augelidingar. Avdelinga har sengepost i Klinikk for Hovud/ Hals, dagkirurgisk og poliklinisk eining og operasjonsavdeling. Sengeposten har 6 døgnplassar. Her er både elektive innleggingar og ØH innleggingar.

Vi tilbyr spesialistutdanning som dekkjer heile utdanningsløpet i augesjukdomar. Spesialistutdanninga vil gå føre seg i Augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. Det vises for øvrig til utdanningsplan. Etter fullført spesialisering, vil stillinga(ne) bli
omgjort til stilling som legespesialist. 

Ved rekruttering og tilsetjing, vil vi tenkje langsiktig med omsyn til å skape ei fagleg og robust Augeavdeling for framtida.

Arbeidsoppgåver

  • Dei som blir tilsett vil gå inn i 10-delt primærvakt
  • Ein vil rotere mellom dei ulike seksjonane i avdelinga kvar 6. månad (7 ulike seksjonar) for å få dekt alle områda innan augefaget
  • Det vil vere ein kombinasjon av arbeid med inneliggjande og polikliniske pasientar
  • Vedkomande må ta del i undervising av legestudentar og anna helsepersonell

Kvalifikasjonar

  • Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i augesjukdomar
  • Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg (nivå svarande til Bergenstesten)
  • God skriftleg dokumentasjonsevne
  • Då Augeavdelinga er ei hektisk avdeling, vil vi leggje vekt på opparbeidd kompetanse og interesse for augefaget
  • Augeavdelinga er kjend for sitt gode, kollegiale miljø, og det er viktig at dei som blir tilsett og vil bidra til å halde dette ved like

Personlege eigenskapar

  • Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar som det å vere ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner, og evner til å arbeide systematisk og effektivt i ein hektisk kvardag
  • Vere ein god teamarbeidar
  • Ha klare tanker om framtidig subspesialisering, og interesser innan glaukom, nevrooftalmologi, uveitt og/eller orbitale lidinger blir øretrekt
  • Bidra aktivt til det gode arbeidsmiljøet
  • Forskingsinteresse

Vi tilbyr

  • Teneste i ei høgspesialisert augeavdeling med gode moglegheiter til brei kompetansebygging og fullstendig LIS-løp i spesialiseringa
  • Den som blir tilsett, vil få ein personleg rettleiar, og delta i avdelinga sitt regulære utdanningsprogram
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Gode kollegaer 


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Frank Tore Jenssen
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 55974154
E-post: frank.jenssen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Helse Bergen
Haukelandsveien 22
5009 BERGEN