Om arbeidsstaden
Det er ledig vikariat som fastlege frå 1. mars 2022 og i 5 månader i 100% stilling ved kommunelegekontoret på Voss ettersom ein av våre fastlegar skal gjennomføre utdanningspermisjon.
 
Kommunelegekontoret på Voss flyttar februar 2022  til nye lokalar i Knutepunktet like ved togstasjonen.  Dei skiftar dåogså namn til Voss Legekontor. Til saman jobbar det fire dyktige fastlegar der, ein turnuslege, to sjukepleiarar og ein helsesekretær. Kontoret nyttar InfoDoc journalsystem.
 
Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet. Legevakta er velfungerande, og lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er ca. 3-4 vakter i månaden
 
Arbeidsoppgåver
Kurativ legeteneste ved kommunelegekontoret
Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
Offentleg/kommunalt helsearbeid, herunder både løpande oppgåver og kvalitetsforbetrings- og utviklingsarbeid
Deltaking i legevakt inkludert daglegevaktsarbeid
 
Me søkjer ein kandidat som har 
Norsk autorisasjon som lege
Gjennomført turnusteneste/LIS1
Gode samarbeidsevner og evner til å finna gode og heilskaplege løysingar
Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
Førarkort klasse B
 
Personlege eigenskapar vil vektleggjast. Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stilling
 
 
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- fastløn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege       kommunale vilkår
 
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Voss herad
Kontaktpersoner
Navn: Eystein Hauge
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 95261271
E-post: eystein.hauge@voss.herad.no
Navn: John Håvardsholm
Tittel: Verksemdsleiar
Telefon: 41704947
E-post: john.haavardsholm@voss.herad.no
Arbeidssted
Uttrågata 15
5700 VOSS