Kort om arbeidsgiver
Legetenesta i Bømlo kommune kommune søkjer 2 fastlegar/ALIS i 100% stilling med kontorplassering Bremnes legesenter og  Kystlegane. Fast løn eller næringsdrift.

Arbeidsoppgåver
  • Fastlege ved Bremnes legesenter, ledig frå 01.03.22
  • Fastlege ved Kystlegane, ledig frå 01.07.22 eller etter avtale
For begge stillingane gjeld:
  • Kommunal oppgåve etter nærare avtale med inntil 7,5 timar pr veke
  • Pliktig deltaking i legevakt med omlag 3 vakter pr mnd ved Sunnhordland interkommunale legevakt, lokalisert i eige, nytt legevaktsbygg ved Stord sjukehus.
Kvalifikasjonar
  • Lege med norsk autorisasjon
  • Spesialist i allmennmedisin eller ønskjer å starte spesialisering i allmennmedisin
  • Gjennomført LIS1 eller norsk turnusteneste
  • Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato etter Helse og omsorgstenesteloven §5-4. 
Personlege eigenskapar
  • Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
  • Evne til å arbeida sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner og beherske godt norsk munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt 
Me tilbyr
  • Det er inngått avtale om prosentandel av Helfo-inntekter til legar med kommunal tilsetjing. 
  • Bremnes legesenter med plass til 6 legar og Kystlegane med plass til 5 legar er sentralt plassert på Svortland. Kontora er moderne og velutstyrt med stabile, høgt kvalifiserte medarbeidarar. Godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling gjennom internundervisning, god vegleiing og supervisjon.
  • Moglegheit for ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin: God vegleiing frå spesialist, fri til naudsynte kurs og dekking av kursutgift.
  • Bømlo Kommune har avtale med Helse Fonna om teneste i spesialisthelsetenesta som del av spesialisering i allmennmedisin.
  • Moglegheit for overgang til næringsdrift etter fullført spesialisering.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Bømlo kommune
Legetenesta i Bømlo
Kontaktperson
Navn: Tove Britt Digernes
Tittel: leiar legetenesta
Telefon: 992 54 351
E-post: Tove-Britt.Digernes@bomlo.kommune.no
Arbeidssted
Bremnes legesenter og Kystlegane
Leirdalen 1
5430 BREMNES
Mer om arbeidsgiver

Bømlo er ein landfast øykommune med nær 12.000 innbyggjarar, sentralt plassert mellom Bergen og Stav...

Besøk arbeidsgivers profilside
teaser image