Kort om arbeidsgiver
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledig fast overlegestilling i AFR. Det første året er arbeidsstad Seksjon Tertnes. Vi søkjer primært
etter spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin eller psykiatri. Overlege vil samarbeide med 1 til 2 LIS-legar.

Avdeling for rusmedisin består av ulike
sengepostar som tilbyr avrusing, stabilisering og langtids døgnbehandling.
Allmenn poliklinikkar og poliklinikkar som greier ut og følgjer opp pasientar i
legemiddel assistert rehabilitering. I tillegg har avdelinga ulike ambulerande
tenester.

På Tertnes er det nå tre postar og
arbeidsoppgåvene vil den første perioden vere tilknytta alle tre postane.
Sengepost 1 er ein Tvangspost med fire sengeplassar for pasientar som er innlagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og
10-3 (gravide). På denne posten vil det vere svært ulike problemstillingar
innanfor rus- og avhengigheitsmedisin men også somatisk- og psykisk liding. På
denne posten vil legen ha moglegheit til å påvierke vidare utvikling av posten.
Posten har eit godt samarbeid med andre avdelingar på Haukeland.

Sengepost 2 er Kvinneposten skal med tida ha 14 sengeplassar for pasientar som ønskjer frivillig rusbehandling. Her er det viktig med fokus på
kvinnehelse, utgreiing av somatisk- og psykiske helse.

Sengepost 3 er Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit. Posten har 2 senger ved behov for innlegging. Pasientane blir følgt opp ambulant. Arbeidsoppgåvene her vil vere å vurdere behov for konsultasjon
på Tertnes og oppfølging av pasientar under innlegging. I tillegg drøftast pasientar i team.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdere behov for utgreiing og diagnostisering av pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, somatiske- og psykiatrisk sjukdom. Du vil ha moglegheit til å definere eigen legerolle innanfor visse rammer og i samråd med leiar

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som er spesialist i rus- og avhengigheitsmedisin og/eller psykiatri. Annan relevant spesialitet kan vurderast særskild
  • Den som blir tilsett må ha norsk autorisasjon som lege
  • Det blir krevd at ein kan dokumentere kunnskapar i norsk språk tilsvarande Bergenstesten
  • Søkjarar som har kort tid igjen til godkjenning av spesialiteten kan og vere aktuelle

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å jobbe med pasientar med krevjande og komplekse sjukdomstilstandar over tid
  • Engasjement for vidareutvikling av fagområde
  • Du er god til å rettleiie og lære opp mindre erfarne kollegaer
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Personleg egnethet for faget og arbeidsoppgåvene vil vektleggast i stor grad

Vi tilbyr

  • Variert, utfordrande og lærerik teneste
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale
  • Ei god pensjonsordning
  • Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Utdanningsretning

  • Medisin

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium
Stillingskategori
Overlege/spesialist
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktpersoner
Navn: Hege Tønnesen
Tittel: Avdelingsoverlege
Telefon: 46836501
E-post: hege.tonnesen@helse-bergen.no
Navn: Trude Larsen
Tittel: Seksjonsleiar, seksjon Tertnes
Telefon: 97581963
E-post: trude.larsen@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen
Avdeling for Rusmedisin, Seksjon Tertnes
5113 Tertnes