Kort om arbeidsgiver
Suldal kommune har to ledige fastlegestillinger (80-100%) f.o.m. 01.03.22.

Arbeidsoppgåvene er vanleg allmennpraksis, deltaking i legevakt og kommunale oppgåver. 

Det øvre listetaket for pasientar er 730. Suldal har tilsett seks legar og to LIS1, og er ALIS Vest-kommune og legg til rette for spesialisering. Kommunen er eige legevaktdistrikt med 6-delt vakt. Deltaking i legevakt er obligatorisk, men ønsker kan bli teke hensyn til.

Personlege eigenskapar vert vektlagt. Det er ønskeleg med erfaring innan allmennmedisin og frå legevakt. Det er venta at søkjaren har gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg, har kjennskap til norsk helsevesen og være kvalifisert til å starte på spesialisering innan allmennmedisin. Søkjar må og ha norsk autorisasjon og gjennomført LIS1.

Dokumentasjon på utdanning og attestar frå tidlegare arbeidsforhold vert etterspurt ved innkalling til intervju.

Legekontoret kan hjelpa til med å skaffa bustad. Suldal kommune har god barnehagedekning, og det er gå-avstand til jobb.
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Suldal kommune
Helse
Kontaktpersoner
Navn: Adriaan van Ruiven
Tittel: Einingsleiar Helse
Telefon: 45422697
E-post: adriaan.van.ruiven@suldal.kommune.no
Navn: Harald Bjarne Hellesen
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 911 67 506 / 52 79 23 00
E-post: harald.bjarne.hellesen@suldal.kommune.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Sand
Eidsvegen 3
4230 SAND
Søk på stillingen