Kort om arbeidsgiver

Seksjon for anestesileger er på jakt etter en faglig interessert, positiv person med gode samarbeidsevner for stilling som lege i spesialisering.

Anestesi - og intensivavdelinga ved Molde sjukehus nyttar eit variert utvalg av moderne anestesimetodar og har ein godt oppdatert utstyrspark.
Det vert utført ca 4500 anestesiar i året fordelt på blautdelskirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, ØNH, tann/kjeve og auge. I tillegg ytast også anestesitjenester til radiologisk avdeling, medisinsk avd. og psykiatrisk avdeling.
Vi har ei kombinert postoperativ og generell intensivavdeling med totalt 19 senger fordelt på recovery, tung overvåking og intensiv. Vi yt eit fullverdig intensivmedisinsk tilbod på gruppe 2 sjukehusnivå, inkludert blant anna invasiv ventilasjon, avansert hemodynamisk overvåking og kontinuerleg nyreerstattande behandling. 
Eininga har eit todelt vaktsystem der legar i spesialisering går 6-delt tilstadevakt med overlegar i 6-delt bakvaktsordning. 
Det kan bli aktuelt med tjeneste på andre sjukehus i foretaket for å oppnå kompetansemål i spesialiseringen.

Vi har ledig vikariat 100 % stilling for lege i spesialisering  frå 24.01.2021.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har
fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar
seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.

Les meir om Romsdalen og Molde her.

Arbeidsoppgåver

  • Alle anestesiologiske oppgaver i henhold til erfaring.

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar skal ha godkjent læringsmåla i spesialistutdanninga del 1
  • Du må beherske norsk skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

  • Faglig interessert og kunnskapstørst
  • Ansvarsbevisst
  • Positiv personlighet og evne til å bidra til et godt arbeidsmiljø
  • Evne å holde hodet kaldt i kaotiske situasjoner
  • Tåle høyt arbeidstempo

Vi tilbyr

  • Du får, estimert, fire måneder opplæring utan vakt kor du mottek opplæring i basal anestesiologi
  • Du vert inkludert i eit godt arbeidsmiljø
  • Du får kolleger med stor interesse for faget
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Lege i spesialisering
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Per Johan Lans
Tittel: seksjonsleiar lege
E-post: Per.Johan.Lans@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Anestesileger Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde