Kort om arbeidsgiver
Time kommune lyser ut eit fastlønnt fastlegevikariat ved Sandtangen legesenter med varigheit 6-14 månader. Oppstart frå 01.05.22 eller etter nærmare avtale. Listestørrelse pr. 01.10.21 er 1038 pasientar med listetak på 1000. Gjennomsnittsalder på lista er ca. 35  år, og det er 55 % kvinner og 45 % menn. Det er òg aktuelt med næringsdrift dersom dette skulle vera ønskeleg.

Arbeidsoppgåver
  • Fylgja opp pasientar på liste.
  • Det er for tida ingen andre kommunale legeoppgåver knytte til heimelen, men dersom det er ønskeleg, kan dette vera mogleg.
  • Legevakt 32-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15-23 kvardagar og kl. 08-23 i helger.
  • Nattevakter ved interkommunal legevakt på Sandnes 60-delt kl 23-08.
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon
  • LIS3 eller spesialist i allmennmedisin
  • Krav om politiattest
     
Personlege eigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner med gode språkferdigheiter i norsk munnleg og skriftleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeida strukturert og sjølvstendig
Sandtangen legesenter er sentralt plassert på Bryne. Senteret held til i moderne og funksjonelle lokale, er godt utstyrt, bl.a. med moderne ultralydapparat, og husar sju fastlegar, derav éi kommunal ALIS-stilling. Medhjelparane er stabile og dyktige og består av sjukepleiarar, helsesekretær og bioingeniør. Senteret er veldrive med gode rutinar og godt arbeidsmiljø. Det er ein augelege-praksis knytt til legesenteret. Journalsystem System X vert nytta.
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Time kommune
Kontaktpersoner
Navn: Øystein Fjetland Øgaard
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 45662014
E-post: oystein.fjetland.ogaard@time.kommune.no
Navn: Torunn Ree
Tittel: Nåverande heimelshavar
Telefon: 91182196
E-post: torunn.ree@sandtangen.nhn.no
Navn: Torbjørn Mosdøl
Tittel: Fastlege og dagleg leiar
Telefon: 91548524
E-post: torbjorn.mosdol@sandtangen.nhn.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Sandtangen medical center
Kirsten Brynes veg 7
4344 BRYNE