Kort om arbeidsgiver

Vil du vere med å leie utviklinga innan rusfeltet?

Vi søkjer ein direktør med eit breitt samfunnsperspektiv, god fagleg innsikt og som vektlegg brukarmedverking i sitt arbeide. Du er ein erfaren, engasjerande og involverande leiar som er ein pådrivar i å vidareutvikle tilbodet på tvers av fagsektorane og i tråd med helsepolitiske føringar.

Om Avdeling for rusmedisin, heretter AFR

AFR tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Avdelinga satsar på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.

Avdelinga har om lag 600 tilsette og ti kliniske seksjonar som tilbyr avrusing, stabilisering, poliklinikk, døgnbehandling for både kvinner og menn, familieambulatorium, LAR-behandling og ambulante tenester. Vi har også det einaste medikemantfrie behandlingstilbodet i vår region for unge mellom 18 og 40 år. I tillegg nytter AFR behandlingsplasser, andre institusjonar i og utanfor Helse Vest. 

Vil du leie arbeidet med å vidareutvikle tilbodet til ruspasientar?

AFR si målsetting er å gi kunnskapsbasert og differensiert behandling til menneske med avhengigheitsproblematikk. AFR held til ved ulike lokalisasjonar frå Sotra i vest, på Askøy, i Nordhordland og fleire stader i Bergen kommune.

Sidan AFR blei etablert i 2009 har eininga vakse frå fem tilsette til om lag 600 tilsette i 2021. Dette har mellom anna skjedd ved at ansvaret for legemiddelassistert rehabilitering blei overførd frå Bergen kommune til spesialistheletenesta og gjennom verksemdsovertaking frå mellom annan Askøy Blå Kors Klinikk og Bergensklinikkene til Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. AFR har ei budsjettramme på om lag 410 millionar kroner for 2022. Sjå meir om AFR her.

Avdelinga er i ei spennande utvikling med nye tenester, aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern mellom anna ved geografisk deling av poliklinikktenestene. Som direktør for Avdeling for rusmedisin - AFR vil du rapportere til administrerande direktør og vere ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus.         

Arbeidsoppgåver

  • Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for pasientens helseteneste
  • Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering og sørge for at avdelinga skaper effektive pasientløp gjennom god planlegging, logistikk og samhandling
  • Bidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønskje om kontinuerlig å forbetre tenestene og eigen arbeidskvardag
  • Gjennomføre strategi-, verdi- og haldningsarbeid
  • Samhandle med primærhelsetenesta i opptaksområdet, private behandlingsplassar samt med dei andre einingane på sjukehuset, universitet og høgskular
  • Ha totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet
  • Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking
  • Medansvar for at føretaket når sine mål

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning
  • Relevant leiarerfaring gjerne med leiarutdanning
  • Erfaring frå leiing av verksemder i endring
  • God kunnskap om spesialisthelsetenesta og rusfeltet spesielt
  • God kunnskap om våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar
  • God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar
  • Gjerne erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samarbeid mellom nivå i tenesta
  • Gjerne erfaring med samarbeid med universitet og høgskular

Personlege eigenskapar

  • Inspirerande og inkluderande
  • Evne til å kombinere god leiing med eit fagleg fokus
  • Robust med evne til å være både tydeleg og inkluderande 
  • Heilskapleg- og samfunnsmessig forståing
  • God økonomi- og organisasjonsforståing
  • Strukturert og planmessig i arbeidet
  • Overordna styring- og gjennomføringsevne
  • Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla
  • Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleik
  • Gode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningar
  • Lønn etter avtale


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.  

Stillingskategori
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Kontaktperson
Navn: Tove Huse Bjerkevoll
Tittel: Rådgivar innan leiarrekruttering
Telefon: 48073834
E-post: tove.huse.bjerkevoll@helse-bergen.no
Ønsker ikke henvendelser fra rekrutterings-/bemanningsbyråer
Arbeidssted
Helse Bergen - Haukeland universitetssjukehus
Østre Murallmenningen 7
5012 Bergen
Søk på stillingen