Kort om arbeidsgiver
Vestnes kommune søker fastlegar til 2 vikariat

Vestnes kommune har ledig 2 vikariat for fastlegar ved Vestnes legesenter
  • Det eine vikariatet er eit vikariat for lege som har engasjement på sjukehus i samband med spesialisering. Vikariatet er ledig frå 15. februar og ut 2022.
  • Det andre vikariatet er eit svangerskapsvikariat og er ledig frå 1. februar, mogleg før, med varigheit til 1. desember 2022.
Søkarar kan velje å vere tilsett eller å vere sjølvstendig næringsdrivande.

Ønska kvalifikasjonar:
- norsk autorisasjon som lege. «Turnusventarar» kan og søke
- erfaring frå allmennpraksis
- språklege kvalifikasjonar tilsvarande C1. Dette gjeld ikkje søkarar frå Skandinavia.

Personlege eigenskapar
- god evne til samarbeid og kommunikasjon
- engasjement og interesse for allmennmedisin
- personleg eignaheit blir vektlagt

Legesenteret er kommunalt drive. Dei fleste av legene er sjølvstendig næringsdrivande og har ein svært gunstig avtale med kommunen med gode innteningsmoglegheiter.

Legesenteret flytta inn i nye lokale i Helsehuset Stella Maris i april 2021. Her er vi samlokalisert med bibliotek, sjukeheim, HBO, tenestekontor og kafé. Legesenteret er bemanna med 6 hjelpepersonell dagleg, inkludert eigen bioingeniør. Hjelpepersonellet har høg fagleg kompetanse og har mykje erfaring særlig innan sårstell. Vi opplever at arbeidsmiljøet er godt mellom alle yrkesgrupper. Vi har fokus på respekt mellom personalet, og vi har «åpen dør» for fagleg rådgiving legane imellom. Vi har felles personalmøte kvar fredag, med internundervisning 2 gonger per månad. Internundervisninga blir innmeldt som deltaking i smågrupper.

Vikariata er for tida ikke knytt til kommunale oppgåver, men det kan likevel bli aktuelt om det blir behov.

Vestnes kommune har vaktsamarbeid med nabokommunar på ettermiddag og helg, og med Ålesund kommune på natt. Vaktbelastninga er 12-14 delt på interkommunal legevakt på ettermiddag/helg med responstid 30 min. Legevakta ligg på Sjøholt i Ålesund kommune og det blir nytta vaktbil til og frå legevakta. På natt er ein pålagt minimum 5 fastlønna nattevakter per år ved interkommunal legevakt i Ålesund. Leger som ikkje har sjølvstendig vaktkompetanse ihht. norske retningsliner vil få tildelt bakvakt. 

Vestnes legesenter har dei siste åra hatt fokus på godt samarbeid med kommunen om betring av arbeidsvilkåra for fastlegane og for utarbeiding av ein god rammeavtale. Vi tilbyr bl.a rett til barnehageplass utanom hovudopptaket i kommunen og hjelp til skaffing av bustad.

Tilsettingsvilkår
Lønns- og tilsettingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk, evt. etter avtale. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkarar blir innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må difor takast med til intervju. 

Søkarlista kan bli offentleggjort.

Sjå video om Vestnes kommune og Vestne legesenter her: https://www.youtube.com/watch?v=XWO5PJGseaI
Stillingskategori
Allmennlege
Arbeidsgiver
Vestnes kommune
Kontaktperson
Navn: Gitte Vinther
Tittel: Dagleg leiar
Telefon: 71 18 41 00, 90755270
E-post: gitte.vinther@vestnes.kommune.no
Arbeidssted
Vestnes legesenter
Brugata 6
6390 VESTNES