Kort om arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune har ledig 100% stilling som fastlege ved Moberg legesenter frå 1.3.22. Det må påreknast inntil 20% kommunal bistilling. Stillinga er fastløna.

Moberg legesenter er i dag ein fire-legepraksis pluss LIS1 fordelt på tre LIS3 og ein spesialist i allmennmedisin. Spesialist står for veileiing. Fastlegeheimelen har listetak på 800 pasientar. Kontoret er lokalisert i Irisgården sentralt på Osøyro, saman med fleire andre legekontor. 

Arbeidsstad: Eining for legetenester; v/Moberg legesenter
Legesenteret held til i nye og romslege lokale i Irisgården. Lokala har m.a. lab, sårstove og egent GU rom. Lunsjrom med fullt kjøkken. Legesenteret har to legesekretærar i 100 % stilling. Legesenteret nyttar journalsystemet Infodoc. Der er Norsk HelseNett, NEL-tilgang og tilgang til Bliksund. Legesenteret har laboratorium med Spirometri, EKG og 24 t BT kopla opp mot EPJ. Vidare HbA1c, CRP, INR og elektronisk rekvisisjon av prøvar. Utstyr til cryobehandling og audiometri.

Kvalifikasjonar
 - Vi søker etter lege med engasjement og entusiasme
- Erfaring frå allmennpraksis og påbegynt eller fullført spesialistutdanning vil vera ein fordel
- Søkarar må ha norsk autorisasjon
- Fullført LIS1
- Meistre norsk godt skriftleg og munnleg
- Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner-

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest i tråd med reglane i helsepersonellova.

Vi tilbyr
- Fastlønn
- Komplett spesialiseringsløp med alt av utgifter dekket. Veileder på kontoret
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og lønn etter avtale

Tilsetjing i allmennlegestillinga skjer etter gjeldande avtaleverk. Du må ta del i legevakt i tråd med sentrale avtalar.

Vi har avtale om legevakt på dagtid og pliktig deltaking i minimum 20-delt legevaktordning.

Du kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 
Stillingskategori
Fastlege/hjemmel/avtale
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune
Kontaktperson
Navn: Jonas Dale
Tittel: Kommuneoverlege
Telefon: 994 86 367
Arbeidssted
Moberg legesenter
Mobergsbakken 111
5209 OS