Kort om arbeidsgiver

Overlege i Onkologi - eit fag i stor utvikling!

Har du eit brennande engasjement for faget onkologi?
Vil du vere med på å byggje den beste klinikken?

Vi har ledige stillingar som onkolog frå snarast med oppstart etter næmare avtale.

Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består av

  • Stråleterapieining
  • Sengepost, lindrande team og poliklinikk i Ålesund
  • Kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus
  • I tillegg har vi spesialisert rehabilitering som ein del av vår klinikk

Onkologiske legar er delt inn etter faggruppene uro/sarkom/CNS; GI/melanom; brystkreft/thyreoidea og stråleterapi.

Onkologi er eit variert fag som utviklar seg raskt. Nye behandlingsmetodar er stadig under utvikling.
Onkologi gir rike moglegheiter for forsking og det er eige forskingsutval i klinikken.
Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor
Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.

Vi er i gang med gjennomføringsfasen av SNR (fellessjukehuset i Nordmøre og Romsdal), og her har du er ein unik mulighet til å vere med å bygge eit robust miljø innan onkologi. Hovedarbeidsstad blir Molde/Kr. sund (SNR). Vil du lese meir om regionen vår, sjå Visit Molde og Visit Møre og Romsdal

Arbeidsoppgåver

  • Kliniske arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisninger,deltaking på MDT-møter og tilsyn
  • Deltaking i kliniske studier
  • Stillinga inneber teneste ved to av foretaket sine lokasjonar, dvs i Kristiansund og Molde (fra 2024 i nytt sjukehus på Hjelset utanfor Molde) 
  • Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund etter avtale

Kvalifikasjonar

  • Du er overlege med godkjent spesialitet innan onkologi
  • Du har gode kunnskaper i norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du er ansvarsbevisst 
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du deler gjerne kunnskap med andre
  • Det er ein fordel med Phd, forskningskompetanse  
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du arbeider sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Felles fagmiljø innad i klinikken og mellom lokasjonar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid med andre, både overlegar og andre profesjonar
  • Felles undervisning/fagmøter
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Stillingskategori
Offentlig lege
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Kontaktperson
Navn: Jorun Bøyum
Tittel: Klinikksjef
Telefon: 70106807
E-post: Jorun.Boyum@helse-mr.no
Hjemmeside
Arbeidssted
Lindrande team og poliklinikk Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Parkvegen 84
6412 Molde
Søk på stillingen